07.01.2021

Personvernerklæring for IKA Møre og Romsdal IKS

Denne personvernerklæringa gjeld for Interkommunalt arkiv for Møre og Romsdal IKS («IKAMR»).

Personopplysningar er opplysningar som kan koplast til deg som person. Det kan vere namn og kontaktopplysningar, men òg mykje anna informasjon som kan vere knytt til deg meir indirekte. For IKAMR er det viktig at du veit kva personopplysningar vi behandlar, slik at du kan vareta dine rettar etter personvernlovgjevinga.

IKAMR er behandlingsansvarleg for all behandling av personopplysningar der vi sjølv bestemmer formålet med behandlinga av opplysningane og dei verkemidla vi nyttar til dette. Det daglege ansvaret ligg hos dagleg leiar ved IKAMR. I denne personvernerklæringa kan du lese meir om behandlingane IKAMR er behandlingsansvarleg for.

IKAMR har eit personvernombod som du kan kontakte dersom du har spørsmål om korleis IKAMR behandlar personopplysningar om deg, eller du treng hjelp til å utøve dine rettar overfor IKAMR. Personvernombodet har teieplikt.

Kontaktinformasjon til personvernombodet:

Namn: Henrik L. Syversen
E-post: henrik.syversen@ikamr.no
Telefon: 412 62 364

 

1. Når samlar IKAMR inn opplysningar om deg?

Vi behandlar i hovudsak opplysningar om deg i følgande tilfelle:

  • Du har sendt oss ein førespurnad
  • Du har bedt om innsyn etter offentleglova
  • Du har meldt deg på eit kurs, seminar eller arrangement
  • Du har søkt jobb hos oss
  • Du besøker IKAMR sine nettsider

Vi kan òg ta imot opplysningar om deg frå andre i følgande tilfelle:

  • Ei avviksmelding inneheld opplysningar om deg
  • Ei sak inneheld opplysningar om deg
  • Ein jobbsøkar har angitt deg som referanse
2. Kvifor behandlar vi personopplysningane dine, og kva er rettsleg grunnlag for behandlinga?

Kvifor behandlar vi personopplysningane dine?
Å «behandle personopplysningar» vil seie å samle inn, registrere, organisere, strukturere, lagre, tilpasse, endre, finne att, konsultere, bruke, utlevere ved overføring, gjere tilgjengeleg, stille saman eller samkøyre, avgrense, slette eller tilinkjegjere opplysningar.

IKAMR behandlar opplysningane dine for å utføre oppgåver som å:

  • Ta vare på og gi innsyn i arkivmateriale
  • Behandle kontakt frå deg (førespurnad, brev, osv.)
  • Gjennomføre ein rekrutteringsprosess

Kva er det rettslege grunnlaget for behandling av personopplysningane dine?
Alle som skal behandle personopplysningar må ha eit rettsleg grunnlag for behandlinga. Dette blir gjerne omtala som «behandlingsgrunnlag». For IKAMR vil det kunne vere at vi er forplikta gjennom avtale, vi har ei rettsleg plikt eller vi skal utøve offentleg mynde.

I nokre tilfelle kan IKAMR behandle personopplysningar om deg basert på samtykke. Du vil i slike tilfelle verte informert om kva som er formålet med behandlinga av personopplysningane (til dømes ved spørjeundersøkingar) og at det er frivillig å gi frå seg opplysningane, og aktivt verte bedt om å samtykke. Du kan når som helst trekke tilbake ditt samtykke til behandlinga av opplysningane. Dersom du trekk tilbake samtykket, skal personopplysningane slettast. Dette gjelder likevel ikkje der IKAMR har bedt om samtykke til å behandle opplysningane til fleire formål, og du berre trekker tilbake samtykket for eitt eller nokre av formåla. Dersom du ikkje samtykker til behandlinga, vil IKAMR forsøke å finne løysingar for å kunne utføre tenesta utan at du må gi frå deg personopplysningane. I tilfelle der IKAMR ikkje finn ei passande løysing, vil ikkje IKAMR kunne levere gjeldande teneste til deg. Les meir om samtykke på Datatilsynet sine nettsider.

Aktuelle lover:

  • Offentleglova med forskrifter inneheld reglar for når eit dokument skal vere offentleg tilgjengeleg for ålmenta (publikum), og når eit dokument skal vere unntatt offentlegheit.
  • Forvaltningsloven inneheld saksbehandlingsreglar for korleis saka di vil verte behandla. Som part i saka har du særskilte rettar, mellom anna innsyn i saksdokumenta.
  • Arkivlova inneheld mellom anna reglar for korleis dokument skal lagrast, samt avlevering til arkivinstitusjon.
  • Personopplysningsloven inneheld reglar om behandling av personopplysningar.
  • Personvernforordningen («GDPR») er tatt inn i personopplysningsloven, og gjeld derfor som norsk lov. GDPR er ei forordning frå EU. Det vil seie at lovteksten er lik i alle EØS-land (EU-landa, Noreg, Island og Liechtenstein). EU-retten baserer seg på nokre prinsipp, mellom anna forrangsprinsippet, som inneberer at ved motstrid mellom EU-retten og nasjonal rett, vil EU-retten gå føre, jf. EØS-loven § 2.
3. Kva personopplysningar behandlar vi?

IKAMR behandlar store mengder personopplysningar, mellom anna:

  • Identitetsopplysningar (namn, fødselsdato, kjønn, statsborgarskap osv.)
  • Kontaktopplysningar (adresse, telefonnummer, e-postadresse osv.)
  • Helseopplysningar (diagnose, medisinar, allergiar osv.)

For dei opplysningane IKAMR er behandlingsansvarleg for, kan IKAMR kun behandle personopplysningar som er knytt til bestemte formål, og har ikkje lov til å behandle fleire opplysningar enn nødvendig (formålsavgrensing). Nokre opplysningar er det ein kallar særlege kategoriar av personopplysningar (til dømes helseopplysningar, opplysningar om religion, etnisitet, genetiske og biometriske opplysningar). Behandling av slike personopplysningar vil kun skje når dette er strengt nødvendig.

Du kan lese meir på Datatilsynets nettsider om kva som vert rekna som personopplysningar og særlege kategoriar av personopplysningar.

4. Kvar hentar vi personopplysningane dine frå?

Ein del personopplysningar får vi direkte frå deg, til dømes ved ein førespurnad til oss. Vi hentar òg opplysningar frå offentlege mynde eller nasjonale register, slik som Folkeregisteret eller eigedomsregisteret (matrikkel). I dei tilfella der opplysningane vert henta frå slike register, vert dette gjort med grunnlag i lov eller med ditt samtykke.

5. Korleis behandlar vi personopplysningane dine?

Kven har tilgang til personopplysningane dine og korleis tek vi vare på opplysningane?
Etter personopplysningsloven har vi ansvar for å sørge for at alle personopplysningane om deg er tilstrekkeleg sikra. Vi sikrar at kun dei som har eit tenestleg behov for det, får tilgang til opplysningane om deg. Vidare sikrar vi at personopplysningar ikkje kan verte endra eller sletta av andre enn dei som har fullmakt til å gjere dette. Vi sikrar at personopplysningane er tilgjengelege når det er nødvendig for å utføre arbeidsoppgåvene våre, for å gi deg best mogleg teneste. Vi reviderer rutinane våre regelmessig, slik at sikkerheita til ei kvar tid skal vere så god som mogleg. Dersom vi oppdagar at ein rutine ikkje fungerer etter hensikta, skal dette følgast opp.
Alle tilsette i IKAMR har teieplikt. Dei tilsette pliktar å hindre at andre får tilgang til personlege opplysningar om deg, dersom du ikkje har samtykka til dette. Innanfor enkelte tenester og i enkelte saker er teieplikta særleg streng.

6. Kor lenge lagrar vi personopplysningane dine?

Vi lagrar opplysningane dine hos oss så lenge det er nødvendig for det formål personopplysningane vart samla inn for. Dette betyr til dømes at personopplysningar vi behandlar på grunnlag av ditt samtykke, vert sletta dersom du trekker tilbake samtykket. Personopplysningar vi behandlar for å oppfylle ei lovpålagt plikt, vert lagra så lenge lovheimelen krev det, til dømes etter føresegn i arkivlova.

Elektronisk dialog
IKAMR har moglegheit til å sende brev til e-postadressa di.

7. Besøk på IKAMR sine nettsider

Informasjonskapslar (cookies) og webanalyse
Som ein viktig del av arbeidet med å lage ein brukarvennleg nettstad, ser vi på brukarmønsteret til dei som besøker nettstaden. For å registrere og analysere informasjonen nyttar vi analyseverktøyet Google Analytics.

Google Analytics brukar informasjonskapslar/cookies (små tekstfiler som vert lagra på datamaskina di når du lastar ned ei nettside), som registrerer brukaren si IP-adresse og gir informasjon om den enkelte brukaren sine bevegelsar på nett. Døme på kva statistikken gir oss svar på er: Kva du har søkt på i søkemotoren vår, dato og tidspunkt for besøket, kor lenge besøket varte, kva nettstad brukaren kjem frå og kva nettlesar som vert nytta. IP-adressa vert anonymisert før informasjonen vert overført til Google sine serverar i USA, slik at den ikkje kan sporast tilbake til ei bestemt maskinvare og dermed til ein enkeltperson. Det vil ikkje vere mogleg å identifisere dei besøkande frå dei resterande parameterane. Mottatte opplysningar er underlagt Google sine retningslinjer for personvern. Du kan reservere deg mot at dine besøk vert registrert i Google Analytics ved å installere eit tillegg i nettlesaren din. Det gjer du ved å laste ned Opt-out Browser Add-on.

IP-adressa di vert og lagra for ein kort periode på webserverane våre. Brukaren si IP-adresse, tidspunkt, nettadresseHTTP status, antal bytes som er sendt, HTTP referer og HTTP user agent vert logga i inntil 1 år. Deretter vert loggen sletta automatisk.

Ved å besøke IKAMR sine heimesider samtykker du til at vi lagrar informasjonskapslar lokalt i nettlesaren din. Bruk av cookies vert regulert i ekomloven § 2-7 b. Samtykke vert gitt ved at førehandsinnstillingane på nettlesaren din aksepterer informasjonskapslar. Dei fleste nettlesarane er innstilt på å akseptere informasjonskapslar automatisk, men du kan sjølv endre innstillingane slik at informasjonskapslar ikkje vert akseptert. Dette kan føre til at heimesidene ikkje fungerer optimalt. Du kan òg be om å verte varsla kvar gong ein ny informasjonskapsel vert lagra. Data knytt til informasjonskapslar vert sletta automatisk seinast 21 dagar etter registrering. Les meir om dette her: slik går du frem for å slette informasjonskapslar i ulike nettlesarar og avgrense lagringa av besøksdata.

Behandlingsgrunnlaget for generering av anonym statistikk er personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav f, som tillèt oss å behandle opplysningar som er nødvendig for å vareta ei rettkomen interesse som veg tyngre enn omsynet til den enkelte sitt personvern. Den rettkomne interessa er å forbetre og vidareutvikle informasjon på nettsidene våre.

Tilbakemeldingsfunksjonar
Nedst i nokre av artiklane på heimesidene våre finn du ein funksjon der du kan gi tilbakemelding om du fann informasjonen du leita etter eller ikkje. Vi har òg eit tilbakemeldingsskjema dersom du kjem over brotne lenker. Vi nyttar tilbakemeldingane til å forbetre innhaldet på nettstaden.

Funksjonen vert ikkje nytta til saksbehandling, og vi ber deg derfor om ikkje å registrere spørsmål som du ønsker svar på her. Vi ber deg òg om ikkje å skrive inn opplysningar om deg eller andre.

Vi gjennomgår tilbakemeldingane manuelt på periodisk basis. Vanlegvis vil dette skje omtrent ein gong kvar tredje månad. Etter at tilbakemeldingane er gjennomgått, vil dei verte sletta.

Behandlingsgrunnlaget for behandling av personopplysningar gjennom tilbakemeldingsfunksjonen er personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav f, som tillèt oss å behandle opplysningar som er nødvendig for å vareta rettkomen interesse som veg tyngre enn omsynet til den enkelte sitt personvern. Vår rettkomne interesse er å tilby innhald som dekker publikum sitt informasjonsbehov.

8. Saksbehandling

Behandling av personopplysningar i samband med IKAMR si saksbehandling
Når IKAMR har saker til behandling, til dømes innsynskrav, behandlar vi personopplysningar for å kunne vareta oppgåvene våre Vi behandlar mellom anna kontaktinformasjon og eventuelt anna informasjon som er nødvendig for å kunne løyse oppgåvene våre. Det kan inkludere helseopplysningar, opplysningar om arbeidsforhold og liknande. Dersom vi stiller deg spørsmål i ei sak, vil vi seie frå dersom det føreligg ei rettsleg plikt til å gi oss opplysningar.

IKAMR brukar WebSak som sakarkivsystem med fullelektronisk journalføring og lagring av dokument. WebSak er eit sak- og arkivsystem frå leverandøren Acos, som følger offentlege standardar (NOARK).

Behandlingsgrunnlaget for denne behandlinga er personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav e, som tillèt oss å behandle personopplysningar som er nødvendig for å utøve offentleg mynde, jf. personvernforordninga artikkel 57 og artikkel 58 og forvaltningsloven § 17.

 

Om arkivplikt, partsinnsyn og offentleglova
Som offentleg organ har IKAMR ei plikt til å føre postjournal etter offentleglova § 10. All korrespondanse i samband med saksbehandling vert journalført. Hovudregelen etter offentleglova § 3 er at forvaltningsorgan sine saksdokument, journalar og liknande register er offentleg tilgjengelege. Det betyr at alle kan gjere seg kjent med mellom anna innhald i korrespondansen vi har journalført. Dette med mindre dokumenta skal unntakast frå offentleg innsyn, til dømes på grunn av teieplikt.

Som hovudregel har partane i ei sak innsynsrett i saka sine dokument etter forvaltningsloven §§ 18 flg. Og her finst det enkelte unntak, til dømes når tilsette varslar om kritikkverdige forhold på eigen arbeidsplass.

IKAMR følgjer arkivlova. Det inneberer at mellom anna saksdokument vert lagra i eit arkiv på ubestemt tid. Alle dokument som er journalført vert oppbevart i sak- og arkivsystemet Acos WebSak.

Desse behandlingane har behandlingsgrunnlag i personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav c, altså at behandlinga er nødvendig for å etterleve dei rettslege pliktene våre. Der det er snakk om særlege kategoriar av personopplysningar er behandlingsgrunnlaget personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav c, jf. artikkel 9 nr. 2 bokstav g.

Telefon
Når du ringer oss, vil telefonnummeret ditt verte lagra saman med opplysningar om når du ringte og kor lenge samtalen varte. Samtaleloggen vert lagra både hos vår leverandør av telefonitenester, Telia, og lokalt på telefonen. I begge tilfelle vert loggen lagra i inntil tre månader.

Dersom ein telefonsamtale er knytt til ei enkeltsak, vil det kunne verte skrive eit notat som vert journalført etter samtalen (sjå over om saksbehandling. Det vert elles ikkje gjort nokon systematisk registrering av telefonsamtalar der innringar kan identifiserast.

Loggen vert lagra for å kunne følge opp telefonsamtalar ved behov, til dømes for å ringe opp personar som har kontakta oss for å gi presiseringar eller be om meir informasjon. Behandlingsgrunnlaget for dette er personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav f, som tillèt oss å behandle opplysningar som er nødvendig for å vareta ei rettkomen interesse som veg tyngre enn omsynet til den enkelte sine interesser eller grunnleggande rettar og fridomar. Den rettkomne interessa er å kunne følge opp telefonsamtalar ved behov.

E-post og internettskjema
Vi nyttar e-post og skjema på internett for å utføre arbeidsoppgåvene våre. Den enkelte tilsette er ansvarleg for å fortløpande slette meldingar som ikkje lenger er aktuelle. I praksis inneberer dette at slik e-post vanlegvis ikkje skal lagrast lenger enn omtrent eitt år. Ved fråtreding blir e-postkontoane sletta to månader etter avslutta arbeidsforhold. Vi ber om at særlege kategoriar personopplysningar ikkje vert sendt ukryptert per e-post. Saker som krev meir grundig saksbehandling, eller som er arkivverdige etter arkivlova, vert registrert og svart på med digital post (SvarUT). Dersom du har reservert deg mot digital sending vil du motta brev som papirpost.

Behandlingsgrunnlaget vårt for behandling av personopplysningar i e-postar og internettskjema er personvernforordningen artikkel 6 nr. 1 bokstav e som tillèt oss å behandle opplysningar som er nødvendig for utøving av offentleg mynde, jf. personvernforordning artikkel 57 og 58 og forvaltningsloven § 17. Dersom din krypterte førespurnad inneheld særlege kategoriar av personopplysningar, er behandlingsgrunnlaget personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav e, jf. artikkel 9 nr. 2 bokstav g, jf. artikkel 57 og 58 og forvaltningsloven § 17.

Vi sjekkar all inn- og utgåande e-post for virus for å sikre integritet, konfidensialitet og tilgjengelegheit i systema våre som behandlar personopplysningar, og det kan skje at ein e-post du sender til IKAMR vert stoppa av viruskontrollen. Dersom ein førespurnad på e-post ikkje vert svart på, bør du ta kontakt med oss på telefon.

Behandlingsgrunnlaget for skanninga er personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav c. IKAMR har ei rettsleg plikt til å sikre informasjonssikkerheit etter personvernforordninga artikkel 5 nr. 1 bokstav f og artikkel 32. Etter ei konkret risikovurdering har vi kome til at dette tiltaket er nødvendig for at IKAMR skal oppfylle denne plikta. Vi har samstundes vurdert at behandlinga av personopplysningar ikkje går ut over det som er nødvendig for å oppfylle plikta. 

Facebook
IKAMR har ei offisiell Facebook-side. Facebook-sida skal vere ein uformell informasjonskanal som supplerer nettsida, derunder formidle arkiv. Kommunikasjon via Facebook-sida skal normalt ikkje journalførast. Skal førespurnader via Facebook-sida likevel journalførast, vil du verte bedt om å henvende deg til rette vedkommande via tradisjonelle kommunikasjonskanalar (e-post, telefon o.l.).

Bilde, video og andre åndsverk som vert publisert skal vere godkjent for bruk av opphavar, medrekna fotograf, illustratør, grafisk designar og andre opphavarar, og personar som kan identifiserast. Opphavar skal krediterast.

Vi gjer deg merksam på følgande: Kommentarar du skriv på innlegga våre er offentleg tilgjengelege. Vi oppfordrar deg derfor om ikkje å skrive anna enn det du vurderer som akseptabelt å dele med alle. Kommentarar som vert vurdert som krenkande kan verte sletta, og gjentatte krenkande kommentarar frå enkeltpersonar kan føre til utestenging frå Facebook-sida.

IKAMR er felles behandlingsansvarleg med Facebook. Ved å nytte IKAMR si Facebook-side samtykker du til at informasjon vert delt med Facebook. Merk at Facebook overfører data til serverar i USA, der personvernet ikkje står like sterkt som i EØS.

Les meir om overføring av personopplysningar til land utanfor EØS her. Facebook sine retningslinjer for personopplysningar finn du her.

Behandlingsgrunnlaget for behandling av personopplysningar på IKAMR si Facebook-side er personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav a.

IKAMR si Facebook-side finn du her.

Registrering av besøkande på lesesal og registrering av utlånsinformasjon osv.
Når du nyttar lesesalen til IKAMR vert følgande personopplysningar registrert: Namn, telefonnummer, kontaktperson hos IKAMR og dato for besøket. Formålet med dette er å samle inn statistikk for bruk av lesesal og for å ha oversikt over kven som har brukt materialet. Opplysningane blir sletta i løpet av januar påfølgjande år.

Dersom du låner deponert materiale til lesesalen, vert namnet ditt og utlånsinformasjon registrert. I tillegg må du signere ei teieplikt- og diskresjonserklæring. Dette er for å sikre at du ikkje vil bruke opplysningane på ein måte som er skadeleg for dei opplysningane gjeld.

9. Andre behandlingar av personopplysningar

Påmelding til kurs og andre arrangement
Nokre gongar er det mogleg å melde seg på arrangement via www.ikamr.no.

Ved påmelding til eit arrangement vil vi be om opplysningar som namn, kontaktinformasjon og arbeidsstad. Formålet med opplysningane er å gi informasjon til deltakarane, administrere og legge til rette arrangement og utarbeide deltakarlister til deltakarane. I tillegg vil vi be deg oppgi informasjon om eventuelle allergiar og behov for tilrettelegging. Opplysningane vert lagra til arrangementet er avslutta.

Behandlingsgrunnlaget i begge tilfelle er personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav f, som tillèt oss å behandle opplysningar som er nødvendig for å vareta ei rettkomen interesse som veg tyngre enn omsynet til den enkelte sitt personvern. Den rettkomne interessa er å avvikle arrangement og konkurransar på ein god måte.

Jobbsøkarar
Dersom du søker jobb hos IKAMR, treng vi å behandle opplysningar om deg for å vurdere søknaden din. Tilsettingsprosessen inneberer behandling av dei opplysningane du gir til oss gjennom dokumenta du sender oss, mellom anna søknad, CV, vitnemål og attestar. I tillegg til eventuelle intervju, kan IKAMR òg gjennomføre eigne undersøkingar, typisk samtaler med jobbsøkaren sine referansar.

Vi nyttar jobbsøkeportalen Webcruiter til å administrere mottatte søknader på ledige stillingar hos oss. IKAMR er behandlingsansvarleg for desse opplysningane i Webcruiter, og har inngått databehandlaravtale med Webcruiter om behandlinga.

For å vurdere dokumentasjon som er sendt inn, gjennomføre intervju og ringe referansar er behandlingsgrunnlaget personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav b. Denne føresegna tillèt oss å behandle personopplysningar når det er nødvendig for å gjennomføre tiltak på jobbsøkar sin førespurnad før ein avtale vert inngått. Ved å søke på stillinga og laste opp dokument i Webcruiter ber jobbsøkaren oss vurdere dokumentasjon som er sendt inn, gjennomføre intervju og ringe referansar med sikte på å inngå ein arbeidsavtale.

Dersom vi gjer eigne undersøkingar ut over dette, til dømes å kontakte nokon som har skrive ein attest, men som ikkje er oppgitt som referanse, er behandlingsgrunnlaget for slike undersøkingar personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav f, som tillèt oss å behandle opplysningar som er nødvendig for å vareta ei rettkomen interesse som veg tyngre enn omsynet til den enkelte sine interesser eller grunnleggande rettar og fridomar. Den rettkomne interessa er å finne rett kandidat til stillinga.

Du treng ikkje å oppgi særlege kategoriar av personopplysningar i søknaden din eller på intervju. Du kan derimot velje å gjere det. Dersom du oppgir at du har ei funksjonsnedsetting som krev tilrettelegging på arbeidsplassen eller i arbeidsforholdet, har vi plikt til å kalle inn minst éin søkar med slik funksjonsnedsetting til intervju, jf. forskrift til lov om statens ansatte mv. § 6. Derfor er behandlingsgrunnlaget vårt for desse opplysningane personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav c, at behandlinga er nødvendig for å etterleve ei rettsleg plikt, jf. artikkel 9 nr. 2 bokstav b; behandlinga er nødvendig for at vi kan oppfylle pliktene våre på området arbeidsrett i tråd med lova. I andre tilfelle er behandlingsgrunnlaget personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav a, altså ditt eksplisitte samtykke, jf. artikkel 9 nr. 2 bokstav a. Du kan når som helst trekke tilbake dette samtykket. At du trekker samtykket ditt vil ikkje påverke legitimiteten av behandlinga av personopplysningar som skjedde før du trekte samtykket tilbake.

Stillingssøknader vert oppbevart i Webcruiter sitt jobbsøkarsystem. Søkardata vert sletta 6 månader etter at søknadsprossessen er avslutta. Søkarlister og innstillingar, samt stillingssøknader på avdelingsdirektørnivå, vert overført til sak- og arkivsystemet vårt og vert bevart og oppbevart i tråd med arkivlovgjevinga (sjå ovanfor om arkivplikt, partsinnsyn og offentleglova). 

10. Dine rettar

Som registrert i registera våre, har du rettar som følger av personopplysningsloven og anna lovgjeving. 
Du kan utøve dine rettar ved å sende oss e-post til postmottak@ikamr.no eller brev til:

Postboks 1073 Sentrum
6001 Ålesund

Du kan òg kontakte personvernombodet vårt.
Du har krav på svar utan ugrunna opphald, og seinast innan éin månad.
Kravet ditt vil i utgangspunktet verte behandla kostnadsfritt, men vi kan krevje administrasjonsgebyr ved fleire kopiar, overdriving eller grunnlause innsynskrav.

Innsyn i eigne opplysningar
Du kan be om ein kopi av alle opplysningane vi behandlar om deg. Dersom du ber om spesifikke opplysningar, vil førespurnaden ha kortare saksbehandlingstid. Les meir om retten til innsyn

Retting av personopplysningar
Du kan be oss rette eller supplere personopplysningar som er feilaktige eller misvisande. Les meir om retten til å rette eller supplere opplysningar

Sletting av personopplysningar
I gitte situasjonar kan du be oss slette opplysningar om deg. Les meir om retten til sletting

Avgrensing av behandling av personopplysningar
I nokre situasjonar kan du òg be oss avgrense behandlinga av personopplysningar om deg. Les meir om retten til avgrensing

Protestere mot ei behandling av personopplysningar
Dersom vi behandlar opplysningar om deg med grunnlag i oppgåvene våre eller på bakgrunn av ei interesseavveging, har du rett til å protestere på behandlinga vår av opplysningar om deg. Les meir om retten til å protestere

Protestere mot ei behandling av personopplysningar
Dersom vi behandlar opplysningar om deg med grunnlag i oppgåvene våre eller på bakgrunn av ei interesseavveging, har du rett til å protestere på behandlinga vår av opplysningar om deg. Les meir om retten til å protestere

Dataportabilitet
Dersom vi behandlar opplysningar om deg med grunnlag i samtykke eller avtale, kan du be oss om å overføre opplysningar om deg til deg eller til annan behandlingsansvarleg. Les meir om retten til dataportabilitet

Automatiserte avgjersler
Ingen av IKAMR sine behandlingar av personopplysningar skjer ved automatiserte avgjersler.

Rett til å klage til Datatilsynet
Dersom du meiner at behandlinga vår av personopplysningar ikkje stemmer med det vi har beskrive her, eller at vi på andre måtar bryt personvernlovgjevinga, kan du kontakte oss. Dersom responsen vår ikkje gir deg dei svara du treng, kan du kontakte personvernombodet vårt og/eller klage til Datatilsynet. Du finn informasjon om korleis du kan kontakte Datatilsynet på Datatilsynet sine nettsider.