Om arbeidet med arkivdanning
IKA Møre og Romsdal har utvikla eit omfattande tilbod på kurs- og rettleiingstenester for arkivdanninga i kommunal og fylkeskommunal forvaltning. Tilbodet er gratis som ein del av medlemskapen i verksemda. Kursa vert tilpassa etter kva roller deltakarane har i organisasjonen.
Vi oppmodar kommunane om sjølv å ta initiativ til eit eventuelt kursopplegg. Vi ser det også som ein stor fordel om våre kurs kan inngå i ein større samanheng der det vert fokusert på arkivarbeid.
Arkivplanarbeid
IKA tilbyr kurs- og konsulenttenester i samband med utarbeiding av arkivplan for organisasjonen. Vi vi kunne halde innleiande kurs om arkivarbeid og arkivplan for alle tilsette. Vi utarbeider framdriftsplanar og malar for planen. Vidare deltek vi i utvikling av rutinar og i arbeidet med kartlegging av arkivseriar. IKA er medeigar i Arkivplan.no og vil tilby assistanse på samtlege område knytta til dette verktøyet.
Kurs i arkivnøklar
IKA Møre og Romsdal held kurs i bruk av K-kodar og måten desse er bygd opp. Slike kurs kombinerer vi gjerne med kurs i andre arkivrutinar.
Arkivorganisering
IKA deltek gjerne i arbeidet med å planlegge oppbygging av arkivorganisasjonen i verksemda. Vi har dessutan skrive ein kort artikkel om organisering av arkivtenesta og tilsetting av ein arkivansvarleg i ein kommune.
Generell arkivlære
Vi har utarbeidd eit kurstilbod innanfor området generell arkivlære. Dei viktigaste tema her er daglege arkivrutinar (posthandsaming, journalføring, kvalitetssikring m.m.), arkivavgrensing/kassasjon, periodisering, samt kurs i arkivlova m.m. Slike kurs held vi anten kvar for seg eller som del av det øvrige kurstilbodet.
Avhalde kurs/infomøter.
Lovverk
Arkivfaget har ofte sterk relvans innanfor ein del sentralt lovverk. IKA vil kunne tilby kurs i lovverk som t.d Offentleglova, Forvaltningslova og Personregisterlova, der fokus er på dokumenthandtering ihht til desse lovene.
Faggrupper
IKA har som ambisjon å delta på minst ei regional samling pr. region pr. år. Dette vil regulerer seg sjølv etter kva behov IKA og kommunane har til ein kvar tid.