26.03.2020

Serviceerklæring

1. Tenester til publikum

Arkivmaterialet IKA Møre og Romsdal (IKAMR) tek vare på er tilgjengeleg for alle, men reglar om teieplikt og personvern kan i enkelte tilfelle avgrense bruken. Dersom du ønsker innsyn i materiale underlagt teieplikt, ta kontakt med den kommunen som skapte informasjonen. Vi kan ikkje levere ut denne type informasjon direkte til privatpersonar.

Ta kontakt med oss på telefon (406 18 600) eller e-post (postmottak@ikamr.no). Kontaktar du oss ved hjelp av opne skjema eller e-post, blir informasjonen sendt ukryptert. Send derfor ikkje sensitiv informasjon eller opplysningar underlagt teieplikt på denne måten.

Enkle saker blir henta fram, kopiert - eller digitalisert dersom mogleg, og sendt ut. Dersom det er større mengder materiale, blir det gjort tilgjengeleg på lesesalen og kan gjennomgåast etter avtale.

Lesesal

Lesesalen er open 09.00–15.00, måndag–fredag. Arkivmateriale skal bestillast i forkant av besøket. Vi tek hensyn til geografisk avstand og kan gi meir hjelp til deg som har vanskeleg for å besøke lesesalen.

Saksbehandlingstid

Vi har som mål å handtere alle førespurnader innan 21 yrkedagar. I periodar med stor pågang blir innsyn frå eigarane om rettsdokumentasjon og faglege behov (spørsmål stilt i yrkessamanheng) prioritert før spørsmål om allment innsyn.

Telefontid

Måndag–fredag, 09.00–15.00.     

Kopiering, transkribering og digitalisering

Inntil 50 kopiar per besøk er gratis. Større mengder kopiar blir fakturert. IKAMR kan bidra med transkribering av offentlege arkiv dersom informasjonen skal nyttast i rettsleg samanheng. Digitalisering kan gjerast til kostpris.

Katalog

IKAMR publiserer arkivkatalog på Arkivportalen.no. Grunna etterslep i registrering og publisering har vi fleire arkiv enn det som viser der. Ta derfor kontakt for å avklare kva materiale vi har.

Kva kan du forvente

Som brukar av IKA Møre og Romsdal sine tenester kan du forvente at du får

  • fagleg rettleiing i å finne det du er ute etter
  • elektronisk bestillingsskjema til arkivmateriale
  • tilgang til lesesal og rettleiing til å finne fram i arkivmaterialet
  • innsyn i offentleg tilgjengeleg dokument
  • tilgjengeleg katalog på nett via Arkivportalen.no 

2. Tenester til eigarane

Som eigar av IKA Møre og Romsdal skal du forvente at du får

  • rettleiing knytt til arkivdanning
  • rettleiing i deponering av arkiv (både papir og digitalt)
  • rettleiing i samband med arkivplanlegging
  • magasinplass for eldre og avslutta arkiv
  • betening av deponert arkiv via e-post, brev, telefon eller lesesal
  • deponerte arkiv publisert på Arkivportalen.no
  • rettleiing knytt til oppbevaring av fysiske arkiv
  • ordning og eventuell digitalisering av arkiv til kostpris

Vi prioriterer oppgåvene våre etter følgande rekkefølge:

  1. Innsyn i rettsdokumentasjon
  2. Innsyn i offentlege arkiv til eigarane
  3. Arkivfaglege førespurnader
  4. Rettleiing i deponering av arkiv
  5. Innsyn frå forskarar
  6. Tenester til publikum (slektsforsking o.l.)

3. Hjelp oss å forbetre servicen vår

Ei eventuell klage bør rettast skriftleg. For å kunne handtere klaga best mogleg er det viktig at den blir grunngitt og konkretisert så godt det let seg gjere. Når vi tek imot ei klage vil vi svare skriftleg innan 10 yrkedagar.

Vi er opptatt av kva du meiner om den servicen du får av oss. Gje oss derfor gjerne tilbakemelding om kva du meiner vi gjer bra og kva vi kan gjere for å bli betre.