15.06.2021

Lesesal

Ein gjest ved lesesalen sit ved bordet og blar i ein gammal protokoll med kvite hanskar på hendene. Ved sidan av ligg ei lupe og papirremser som kan stikkast inn som bokmerke i protokollen. Bak besøkande skimtar ein ei grøn arkivtralle med fleire eldre protokollar på.

IKA Møre og Romsdal har to lesesalsplassar til bruk for gjestar.

Lesesalen er open måndag til fredag frå klokka 09.00 til 15.00. Du må avtale tid og booke plass på lesesalen seinast dagen før du ønsker å kome. Du kan kontakte oss ved å sende e-post til postmottak@ikamr.no. Les meir om innsyn i arkivmateriale her

Vi anbefaler at du tek med eige kamera viss du ønsker kopiar av materialet.

Tilgang til arkivmateriale på lesesal

Hovudregelen etter forvaltningslovens §13c at teieplikta fell bort etter 60 år. Det vil seie at arkivmateriale som er eldre enn 60 år gamalt, for ein stor del fritt vil kunne bli brukt på lesesalen.  Les mer om sperrefristar i eige punkt under fana Innsyn.

Det som nokre gongar kan vere problematisk er at eldre og yngre materiale ofte er samla i ei og same eske eller mappe, og at det kan vere særs vanskeleg å skilje opplysningane underlagt teieplikt frå det som er offentleg tilgjengeleg. Viss det er grunn til å tru at det finst opplysningar underlagt teieplikt i eit materiale, kan det derfor bli sett sperrefristar på heile arkivesker, seriar eller arkiv.

Først når nokon ønsker å bruke dette materialet, går vi gjennom det og identifiserer dei opplysningane som er underlagt teieplikt. Det betyr at vi i den grad det er mogleg og ikkje for arbeidskrevjande, på førespurnad vil prøve å legge til rette for at du får tilgang til opplysningane. I nokre tilfelle lar dette seg ikkje gjere og den som ønsker innsyn må søke forskarinnsyn.

Før du kjem til lesesalen må du ha gjort deg kjend med reglane for bruk av arkivsaker på lesesalen.  

Forskarinnsyn

Korleis søke forskarinnsyn

Opplysningar underlagt teieplikt kan under visse høve brukast til forskingsformål, jf. forvaltningsloven § 13 d. Kun departementa og Riksarkivaren har myndigheit til å treffe vedtak om forskarinnsyn. For kommunalt arkivmateriale er det departementa som avgjer med mindre dei delegerer denne myndigheita til Riksarkivet jf. forvaltningslovsforskriften §8.

IKA Møre og Romsdal behandlar saka og gir innstilling til gjeldende departement i samråd med søkar. Unntak er forskarinnsyn i helseopplysningar.

 

Kven kan få forskarinnsyn?

Departementa fatter vedtak om forskarinnsyn etter ei heilskapsvurdering jf. Arkivverkets nettsider. Følgande moment inngår i vurderinga:

  • Om det dreier seg om forsking i vanleg forstand av ordet Kor sensitive dei aktuelle opplysningane er 
  • Om søkaren har fagleg kompetanse til å fullføre eit forskingsprosjekt. Minstekravet vil normalt vere at du må ha ei vitskapleg stilling innan eit relevant fagfelt eller vere vidarekomande student under rettleiing av person i vitskapleg stilling. Dette betyr til dømes at vanleg journalistisk verksemd ikkje gir grunnlag for forskarinnsyn
  • Vil det kunne vere ei påkjenning for dei det gjeld, om dei får kjennskap til at forskaren har fått sjå slike opplysningar om dei? 

 

Vilkår for forskarinnsyn

Det er gjerne knytt visse vilkår til eit vedtak om forskarinnsyn, til dømes med omsyn til kor lenge innsynet gjeld for, om det kan takast kopiar, og korleis opplysningane elles skal handterast. Opplysningane som er underlagde teieplikt kan berre brukast i samsvar med desse vilkåra og slik det er nødvendig for forskingsarbeidet. 

 

Søknad

IKA Møre og Romsdal vil i samarbeid med søkar sende søknad til departementet. Søknaden må vere skriftleg, underteikna og gjelde eit spesifisert materiale. Det blir ikkje gitt tilgang til andre delar av arkiva enn det som er nødvendig til prosjektet.
Det må ligge ved ei kort prosjektbeskriving som gjer greie for innhald og mål samt omfang og varigheit for prosjektet, forskingsmetodar og kjelder som er tenkt brukt, samt om resultata skal publiserast, eventuelt i kva form.
Forskarar må oppgi vitenskapleg stilling, eventuelt på annan måte dokumentere forskarkompetansen sin. Studentar må legge ved stadfesting frå fagleg rettleiar.

Forskarar som får innsyn i materiale underlagt teieplikt, har teieplikt jf. forvaltningslovens § 13 e, og må underteikne ei teieerklæring. Sjå vedlegg.

 

Hugseliste for kva ein søknad om forskarinnsyn må innehalde

  • Du må oppgi arkivreferansar til det aktuelle materialet, og angi kvar det blir oppbevart. Arkivreferansen finn du ved å søke i Arkivportalen eller i dialog med ein av rådgjevarane ved IKAMR. Det blir ikkje gitt tilgang til andre delar av arkiva enn det som er nødvendig for forskingsarbeidet.
  • Søknaden må innehalde ei prosjektbeskriving som gjer greie for innhald og mål samt omfang og varigheit for prosjektet, forskingsmetodar og kjelder som er tenkt brukt, samt om resultata skal publiserast, eventuelt i kva form. Forskarar må oppgi vitenskapleg stilling, eventuelt på annan måte dokumentere forskarkompetansen sin
  • Er du student må du legge ved ei stadfesting frå rettleiaren din på at vedkomande har det faglege ansvaret for arbeidet og står inne for bruken av opplysningane som er underlagt teieplikt
  • Du som søker er sjølv ansvarleg for å overhalde eventuell meldeplikt og andre plikter etter personopplysningsloven eller annan lovgjeving.