25.06.2014

Om arbeidet med privatarkiv

Fotograf: Ottar André Breivik Anderson, SEDAK
Fotograf: Ottar André Breivik Anderson, SEDAK
Foto: Piotr Cabaj, SEDAK

I selskapsavtalen til IKAMR står det at «Selskapet skal vere ein bidragsytar i problemstillingar knytt til private arkiv».

Per i dag har dette konkretisert seg i at 17 av eigarkommunane våre har meldt seg inn i privatarkivordninga.

Medlemskap i ordninga inneber at privatarkiv frå desse kommunane vert ordna og registrert, forskriftsmessig oppbevart og arkivliste publisert på Arkivportalen.no.

Arkivportalen.no er ei nasjonal søketeneste der ein finn informasjon om kva historiske arkiv som er bevarte i Norge. På denne måten vert brukarar gjort merksame på at arkiva finst og at dei kan brukast.

Innsyn i dei private arkiva vert gjort etter offentleg regelverk. Materialet kan ein, på same måte som med dei kommunale arkiva, få tilgang til ved lesesalen vår.

Dei kommunane som er med i ordninga er: Aukra, Fjord, Giske, Hareid, Herøy, Hustadvika, Rauma, Sandøy (Ålesund), Smøla, Stranda, Sunndal, Surnadal, Ulstein, Vanylven, Vestnes, Volda og Møre og Romsdal fylkeskommune.

I 2017 vart IKAMR utnemnt av Riksarkivaren, via Møre og Romsdal fylkeskommune, som fylkeskoordinerande ledd i privatarkivarbeidet. Dette inneber at vi skal koordinere arbeidet med privatarkiv, gi arkivfagleg rettleiing og delta i det nasjonale nettverket for fylkeskoordinerande ledd. 

Institusjonar og ressursar på privatarkivfeltet

Det siste året har privatarkivordninga gjennomført to ordningsprosjekt som vi har mottatt arkivutviklingsmidlar frå Arkivverket for å jobbe med: Voldnes skipsverft i Fosnavåg (Herøy) og Unidos AS (landsdekkande organisasjon for eksport av klippfisk). At akkurat desse to arkiva et valde ut er basert på bevaringsplanen for private arkiv, der eitt av satsingsområda er definert som maritim næring.

I 2020 samarbeider vi med Møre og Romsdal idrettskrets og Romsdalsmuseet med å få bevart arkiva etter idrettslaga i fylket. Også dette prosjektet skal gjennomførast ved hjelp av tildelte midlar frå Arkivverket.

Framover ønsker vi å fokusere på arkiv som fortel om og er skapt av organisasjonar og foreiningar for kvinner og barn i Møre og Romsdal.

For spørsmål om privatarkiv, ta kontakt med rådgjevar Åsta Vadset, tlf: 408 54 153, e-post: asta.vadset@ikamr.no.