15.06.2021

Depot

Eit arkivdepot er ein samlingstad der eldre arkiv, som ikkje lenger er i bruk for administrative føremål, blir bevart og gjort tilgjengeleg for bruk.

Eit kommunalt arkivdepot er eit arkivdepot for kommunale og fylkeskommunale arkiv. Alle kommunane i Møre og Romsdal samt fylkeskommunen er medeigarar av oss, og vi driftar arkivdepotet deira. 

Alle eigarane våre har ei avtalt mengde leigde hyllemeter både til rettsdokumentasjon og administrativt arkiv. I tillegg leiger vi ut til private aktørar.

Ønsker du oppdatering av kor mykje kommunen din leiger hos oss, eller kor mykje av leigd kapasitet som blir nytta, ta kontakt postmottak@ikamr.no.