26.06.2019

Om IKA

Interkommunalt arkiv for Møre og Romsdal er eit eige selskap (IKS) som vart starta i april 2000. IKA Møre og Romsdal er eigd av fylkeskommunen og alle kommunane i heile fylket, frå Volda i sør til Smøla i nord. Vi har hovudkontor i Ålesund. IKA Møre og Romsdal arbeider med problemstillingar knytte til kommunane si dokumenthandtering. I tillegg har vi ei digitaliseringsteneste; SEDAK, og ei fotoarkivteneste; FylkesFOTOarkivet. Kulturnett Møre og Romsdal er også ein del av IKA Møre og Romsdal. Dei tre siste er tenester som fylkeskommunen har lagt til oss. 

Sjå vedlegg for meir informasjon.