Eldre arkiv

Ei ung kvinne sit ved eit arbeidsbord med gamle dokument i hendene. Det står arkivboksar på bordet. Ho smiler mot kamera.
Maria Bjåstad Hustadnes, historiestudent ved Høgskulen i Volda. Foto: Åsta Vadset, IKAMR
18.05.2026

Praksisstudent hos IKAMR

Våren 2026 har IKAMR vore praksisplass for ein historiestudent frå Høgskulen i Volda. Maria Bjåstad Hustadnes går andre året på bachelorstudiet i historie og har hatt ein ti vekers praksisperiode hos IKAMR frå februar til april som del av praksisemnet HI204P Lokal- og regionalhistorie.

Les meir »
studentar står inne i ein arkivreol fylt med eldre arkiv
Omvising i magasin - foto: Åsta Vadset, IKAMR
studentar står ved ein arbeidspult og får forklart ordning av arkiv
Omvising i ordningsavdelinga med førstekonsulent Emil Stokkevåg og rådgivar Egil Hessen - foto: Åsta Vadset, IKAMR
studentar står ved ein arbeidspult og får forklart ordning av privatarkiv
Ordningsarbeid med privatarkiv, prosjektleiar Gudmund Valderhaug forklarer - foto: Åsta Vadset, IKAMR
studentar står inne i eit black box studio og får vite om mediekonvertering
Omvising i black box studio med rådgivar ved SEDAK, Ottar A.B. Anderson - foto: Åsta Vadset, IKAMR
studentar rundt eit stort bord med gamle kjelder, som protokollar og arkivboksar
Kjeldestudie - foto: Åsta Vadset, IKAMR
09.02.2026

Besøk frå Høgskulen i Volda

Fredag 06.02.2026 hadde vi besøk av studentar og emneansvarleg frå HI100, Innføringsemnet i historie, ved Høgskulen i Volda.

Dei fekk sjå i praksis korleis IKAMR jobbar med arkivforvaltning, og ikkje minst erfare å lese i fysiske kjelder.

Takk for besøket!

Les meir »
mennesker i trapp
Frå Samfunnsfagkonferansen i Hamar 2025. Nede frå venstre: Harald Krøvel (HVO), Åsta Vadset (IKAMR), Kariin Sundsback (INN), Trudi Henrydotter Eikrem (HVO), Tine Petersen Malonæs (INN), Andri Jonsson (IKAMR), Åsmund Svendsen (HVO) og Elin Gundersen (HVO)
08.12.2025

Samarbeid med Høgskulen i Volda om arkiv i undervisning og praksis

Sidan 2021 har IKAMR hatt eit samarbeid med Avdeling for samfunnsfag og historie og biblioteket ved Høgskulen i Volda (HVO) om bruk av primærkjelder i undervisning for historie- og lærarstudentar. Vi ønskjer no å utvide samarbeidet for å gjere arkivsamlingane våre betre tilgjengelege for bruk i undervisning og forsking, og for å setje i gang samarbeid om praksisplassar for historiestudentar hos IKAMR.

Les meir »
Ferdig ordna arkiv frå Smøla kommune
Ferdig ordna arkiv frå Smøla kommune hos IKAMR. Foto: Andri Jonsson.
10.01.2025

Ferdig ordna papirarkiv frå Smøla kommune

IKAMR har gjort ferdig eit ordningsprosjekt på over 250 hyllemeter frå Smøla kommune. Stort sett alle avslutta papirarkiv frå øykommunen som vart oppretta ved samanslåing av Edøy, Brattvær og Hopen i 1960, er no deponert, ordna og katalogisert.

Les meir »