16.05.2023

Vi treng motstandarar

Brev frå Husmorlaget. Foto: Vibeke Solbakken Lunheim, IKAMR
Særutskrift. Foto: Vibeke Solbakken Lunheim, IKAMR

I eit brev datert 5. mai 1981 blei Stordal kommune utfordra av Stordal husmorlag til å stille lag for å spele fotballkamp på stadion 17. mai, for husmorlaget trengde motstandarar! Utkleding var påbode og at dei håpte på sporty innsats frå dei tilsette i kommunen.

Kontorsjef Jens Tobias i Stordal kommune arbeidde raskt. Han sette ned ein hurtigverkande komité; «Uttakingskomiteen, avd. fotball». Dei hadde møte allereie 9. mai. Norunn Busengdal og Jens Tobias møtte. Dei fastlo at Utakingskomitten var vedtaksfør. I møteutskrifta frå møtet ser vi at dei «etter ein lang diskusjon med særs mange og vetuge innlegg kom ein fram til ei samrøystes tilråding, som ein kan lese meir om i dokumenta. 

Korleis kampen gjekk seier kjeldene våre ikkje noko om. Vann husmorlaget? Eller laget frå kommunen? Kven slo til med det mest originale kostymet? Blei det scora fine mål? Vi har dessverre ikkje greidd å spore opp bilde frå hendinga.

Det er ikkje berre fotballkampar som er populært på 17. mai. Klassiske leikar som sekkeløp, eggeløp, potetløp, gå på stylter og tautrekking er mykje brukt. Andre stadar har det vore hesteskokasting, høgdehopp, jamvel skikonkurranse! I arkiva etter dei ulike 17. maikomiteane ser vi at det blir organisert lokale arrangement i heile fylket frå morgen til kveld kvar einaste 17. mai.

Vi håper du får ein fin 17. mai og at dårleg ver, om så skulle vere, ikkje legg ein dempar på feiringa! Gratulerer med dagen, Noreg!  

Tautrekking
Tautrekking Utstillingsplassen Ålesund. Fotograf Håkon Haug. FAKf-0929.B0324

 

Skikonkurranse
Skikonkurranse 17. mai rundt 1970 på Tennfjord skuleplass. Fotograf Peter Ekroll. FAKf-0089.B0795

 

SASf-001.4706 - 17. mai-feiring på skuleplassen i Ulsteinvik ein gong mellom 1945 og 1955.
17. mai-feiring på skuleplassen i Ulsteinvik ein gong mellom 1945 og 1955. Fotograf Olaf Andreas Knutsen Storegjerde. SASf-001.4706

 

FAKf-1305.D0931 - Sekkeløp 17. mai ein gong på 1970-talet i Fiksdal. Fotograf Peder Frostad
Sekkeløp 17. mai ein gong på 1970-talet i Fiksdal. Fotograf Peder Frostad. FAKf-1305.D0931

 

SU-0096.00653 - Høgdehopping 17. mai 1951 i Jordalsgrenda i Sunndal. Fotograf ukjend - eigar Agnar Meisal
Høgdehopping 17. mai 1951 i Jordalsgrenda i Sunndal. Fotograf ukjend - eigar Agnar Meisal. SU-0096.00653

Tekst: Vibeke Solbakken Lunheim, IKAMR

Kategori
Eldre arkiv
Kommune
Fjord