10.02.2017

Kyrkjestolen for Skodje kyrkje, 1671-1723

Foto: Ottar Andre Breivik Anderson, SEDAK.
Foto: Ottar Andre Breivik Anderson, SEDAK.
Foto: Ottar Andre Breivik Anderson, SEDAK.
Foto: Ottar Andre Breivik Anderson, SEDAK.
I magasina til Interkommunalt arkiv finst det mange skattar som berre ventar på å bli oppdaga.

Ein liten protokoll vart funnen på slump då ein av våre arkivarar var på jakt etter noko heilt anna. Den lille protokollen ber preg av aldring, med sitt blasse skinnomslag og fleire hol etter skadedyr, eller «bokormar» om ein vil. Den heller anonyme skinnboka har ein kvit lapp med årstala «1671» og «1723» er klistra på ryggen, og ein kan sjå at det har stått skrive noko på omslaget som tidas tann har viska ut. Det er fyrst når ein opnar boka at boka røper sin løyndom. På tittelbladet står det med sirleg gotisk handskrift at dette er ein «kirkestoel til Schodie Kirke». Men kva er ein kyrkjestol? Ein skulle kanskje tru at ei slik bok omhandla kyrkjestolar i tydinga kyrkjebenkar, men det er ikkje heile sanninga. Faktisk har ikkje omgrepet kyrkjestol, som i tydinga benk, noko med ei slik bok å gjere. Ein kyrkjestol var ei bok, eller ein protokoll, som kyrkjevergen førte inn kva for utgifter og inntekter kyrkja hadde, i tillegg inneheldt ho lister over verdiar som jordeigedomar og inventar i sjølve kyrkja. Og for å gjere forvirringa komplett kunne ein også føre inn benkavgifta på dei meir attraktive benkane i kyrkja. Sjølve ordet «stol» kjem frå mellomnedertysk, eit språk hanseatane på Bryggen i Bergen tala i mellomalderen, og er knytt til pengar som vart lånt ut mot renter, slik at ein kyrkjestol var altså eit rekneskap for kyrkja.

Men kva er så interessant med ei slik bok? Kvifor skrive ein artikkel om denne boka? Reint bortsett frå at det er den eldste kjende protokollen i IKAMR sitt magasin, inneheld den også informasjon om ei kyrkje som ikkje lenger finst. Det er ikkje mykje dokumentasjon om kyrkja på Skodje. Den tidlegaste kjelda der Skodje kyrkje blir nemnt er i Aslak Bolts jordebok, som ein har datert til omkring 1432-1433, men truleg kan ein trekke linene lenger attende. Seinare kjelder som gjer innblikk i kva slags kyrkje dette var kjem fram i rapporten etter synfaringa til stiftskrivaren Henrich Garmann i 1686. Her forklarar han at kyrkja var ei stavkyrkje utforma som ei korskyrkje. Og som den merksame lesar kanskje har sett så vart den aktuelle kyrkjestolen skriven i same periode som Garmann gjekk på synfaringa. Det vil seie at den kyrkja Garmann såg var den same som kyrkjestolen omhandlar.

I rekneskapen kan ein finne dramatiske historier, mellom anna kan ein lese at heile søre korsarm blåste ned i eit kraftig uver i 1690. Tre menn vart sett til å bygge opp att søre korsarm av kyrkja, eit arbeid som tok 48 dagar å gjennomføre. I arbeidslønn og kost fekk dei tre mennene ein ort (1/4 riksdaler) om dagen. Om ein vel å stole på Noregs Banks priskalkulator tilsvarer dette ei dagløn i dagens verdi på rundt 150,- kroner.  

Kyrkjestolen gir ikkje berre eit innblikk i kva slags inntekter og utgifter ei kyrkje hadde, den er også ei interessant kjelde for slektsgranskarar, noko Statsarkivet i Stavanger har belyst i nettutstillinga «Kirkestolane 350 år».

Stavkyrkja på Skodje forfall ein gong mellom 1722 og 1750, kort tid etter at kyrkjestolen vart skriven. Denne kjelda er ei av få som kan fortelje om denne tapte stavkyrkja på Sunnmøre.

Litteratur:
Ekroll, Ø. 2012 Sunnmørskyrkjene – Historie, kunst og arkitektur. Larsnes.
Dietrichson, L. 1888. Sammenlignende Fortegnelse over Norges Kirkebygninger i Middelalderen og Nutiden. Kristiania.
Dietrichson, L. 1892 De norske stavkirker. Kristiania.
Statsarkivet i Stavanger, 2013  «Kirkestolane 350 år».

Arkiv:
K-15291.410, Skodje kommune. Kyrkjevergen. Rc, Rekneskapskontrollbøker. Skodje kyrkje sitt inventarium og rekneskap, 1671-1723.

Tekst: Dan Andre Fiskum Velle, IKAMR.

Kategori: 
Eldre arkiv
Smakebitar frå arkivet
Kommune: 
Skodje