26.06.2019

Informasjon om innsyn i rettsdokumentasjon

Dersom nokon ønsker innsyn i dokumentasjon om seg sjølv (som tidlegare elev, barnevernsklient, sosialklient, pasient osb) må dei ta kontakt med kommunen dei budde i den gongen.

Kommune/arkivskapar kan - via arkivleiar eller arkivskapande instans - etterspør innsyn i dokumentasjon frå deponerte arkiv. Arkivleiar kan gjere førespurnader i alt materiale som er deponert frå sin kommune. Ei kommunal eining kan etterspør materiale frå sitt fagområde. Dersom arkivskapar ikkje lenger eksisterer kan avdelinga som overtok det faglege ansvaret etterspør dokumentasjonen.

I enkelte høve er det ikkje bevart mappe på klienten. Dersom vedkomande likevel hevdar å ha vore klient hjå ditt barnevernskontor e.l., er det andre seriar i arkivet vi kan leite i: møtebøker, kopibøker, postjournalar og liknande. Dette rekonstruksjonsarbeidet er viktig.

Førespurnader skal skje via telefon, brev eller sikker innsynsløysing. Aldri via e-post.

Dersom det eksisterer eit inngåande brev frå klient, advokat, Stiftelsen Rettferd, Bufdir osb, skal kopi av brevet leggast ved skriftleg førespurnad.

IKAMR sender ut kopi av dokumenta i saka til kommunen som rekommandert post.

IKAMR gjer ingen innsynsvurderingar i denne type dokumentasjon. Innsynsvurdering skal gjerast av fagpersonar i kommunen.