10.12.2020

10 000 til Vellearkivet

FAKf-1170.UN220 - Sjølvportrett av fotograf Martin Velle
FAKf-1170.UN141 - Sjølvportrett av fotograf Martin Velle

Ørsta kommune har vore ein god medspelar i samarbeid med FylkesFOTOarkivet i alle år. Sidan registrering og digitalisering starta i 2013 saman med «DIS-gjengen», har Ørsta kommune kvart år bidrege med oppmuntrande 1000-lappar til arbeidet.

Over 30 000 negativ frå meir enn 8000 kundar har blitt datafiler. Praktisk talt heile er arkivet ferdig digitalisert. Over 2650 bilde er på nett og kanskje opp mot 8000 ventar på klargjering og enkel bildebehandling. Det vil ta nokre år, avhengig både av ekstrahjelp og økonomi. FAK fekk arkivet etter fotograf Martin Velle i gåve frå sønene i 2012. 

Martin Velle (1905-1989) har først og fremst vore portrettfotograf i Ørsta i perioden 1933-1975. Han var perfeksjonist med sterk sans for detaljar. Var han den beste fotografen på Sunnmøre i si tid? Velle viser til dømes ei ekstrem utnytting av filmformatet, ikkje minst når han tek passbilde til legitimasjonskorta under krigen – han kunne verkeleg komponere på «mattskiva»! Søk «Velle portrett» på heimesida https://fylkesfotoarkivet.mrfylke.no og sjå sjølv! 

Velle kjøpte sitt første fotoapparat som 18-åring i 1923. Det var eit 6x9 cm kamera for glasplater. I 1928 fekk han lærekontrakt hos fotograf P. K. Giske i Ålesund. To vintrar med 8-vekers kurs i Trondheim måtte til for å ta den teoretiske delen av fagprøva. Etter fagprøve og ei kort tid hos fotograf Seemann på Åndalsnes, opna Velle eige atelier i Ørsta. Portrettfotograferinga har stått han nærast. Han deltok ivrig i nasjonale fotokonkurransar: Søk enkelt og greitt «Premiebilde» i databasen!

Kategori
Foto
Kommune
Ørsta