19.12.2019

114 hyllemeter klippfiskhistorie ferdig ordna og katalogisert

Ordning av Unidos arkivet. Foto: Piotr Cabaj.

Frå september til desember 2019 har Eli Morken Farstad ordna og katalogisert arkivet etter De Norske Klippfiskeksportørers Landsforening og Unidos A/S (tidl. A/L). Arkivet er no ferdig ordna og blir om få dagar publisert i arkivportalen.

Arkivet tel 114 hyllemeter. I arkivet kan ein finne dokumentasjon etter diverse saker, korrespondanse med importørar og eksportørar, møteprotokollar, rettstvistar, kontakt med World Food Programme, samtlege styre- og medlemssirkulære, foto... For å nemne noko! Dokumentasjonen strekker seg frå 1931, då DNKL blei oppretta, til avviklinga av Unidos A/S i 2015.

Arkivet er ein særs verdifull ressurs for fagfolk, bedrifter og privatpersonar som er interessert i klippfiskhistorie, kontakt mellom næringsliv og stat, klippfiskeksport til sentraliserte marknader rundt om i verda - og mykje meir.

Laurdag 14. desember publiserte Sunnmørsposten eit seks siders oppslag om arkivet etter DNKL og Unidos. Journalist Karin Rykkje gjorde eit intervju med Jorulf Straume, administrerande direktør for Unidos 1996-2015, der han informerte grundig om arkivskaparen. I tillegg trykte Sunnmørsposten ein tosiders artikkel skriven av Eli Morken Farstad om klippfiskreklame til utlandet frå 1950-talet til i dag. Artikkelen baserer seg på kjeldefunn frå arkivet, og viser mangfaldet i dokumentasjonen som finst i arkivet. Under kan du lese intervjuet og artikkelen i PDF (med løyve frå Sunnmørsposten).

Kategori
Privatarkiv
Kommune
Ålesund