16.05.2022

17. mai-nemnda

Framside 1965.

Årets 17. mai er den første på eit par år no som endeleg kan feirast på "normalt" vis igjen, til lukke og stas for mange.

I arkiva våre finst fleire 17. mai-komitear og nemnder, og i forbindelse med eit pågåande ordningsprosjekt frå Ulstein kommune, har vi valt å skrive litt om deira 17. mai-nemnd i høve nasjonaldagen.

Arkivet frå Ulstein kommune si 17. mai-nemnd strekker seg tidsmessig frå 1945 til 1998. Arkivet består av godt detaljerte møtebøker, noko rekneskap og eigenproduserte trykkhefte, som då for det meste er 17. mai-program for forskjellige år.

Tidleg på 1970-talet kosta programheftet eit par kroner. I 1992 er det kome opp i 25 kroner, og 30 kroner for det siste heftet vi har frå 1998.

Her ser vi planlegginga av 17. mai 1992:

Handskriven møteprotokoll med blått blekk. Det er teikna to norske flagg på eine sida.
Handskriven møteprotokollside med blått blekk.
Kjelde: K-15160.158/A/Aa/L0001/0004

Programmet frå 1994 har bilde frå kong Harald sitt besøk i Ulsteinvik i 1993 på framsida:

Tre menn går saman framfor ei stor folkemengde. Ein ber på ein blomsterbukett han har fått, ein har uniform, den tredje har ordførarkjede. Ein liten gut i bunad står framfor dei med høgt heva flagg.
Kjelde: K-15160.158.X/Xa/L0001/0005

Programmet frå 1995 illusterer 17. mai frigjeringsåret 1945. Ikkje heilt ulikt i desse dagar at slik fridom kan takast for gitt.

Bilde av Ragnar Ulstein 17. mai 1945.
Kjelde: K15160.X/Xa/L0001/0006

Avslutningsvis vil eg sitere ein uttale frå 1965-feiringa:

Vi helsar alle hjarteleg til lukke med dagen, og ynskjer vidare god framgang for bygda og landet.

Programside frå 17. mai-hefte 1965.
Kjelde: K15160.X/Xa/L0001/0001

Gratulerer med dagen!

Tekst: Torstein Skeide Olsen, IKAMR
Foto: Piotr Cabaj, SEDAK/IKAMR

Kategori
Eldre arkiv
Kommune
Ulstein