16.05.2021

17. mai og fotografiet

AM-95003.020848_1913.jpg
AM-95003.011778b_1911.jpg
AM-95003.011749_1910.jpg
AM-95003.017813_1912.jpg
AM-95003.017821_1912.jpg
AM-95003.017830_1912.jpg
AM-95003.020818_1913.jpg

Om ikkje verdas mest fotograferte dag, så er i alle fall 17. mai i Noreg den dagen ein til alle tider har teke flest bilde.

Vel, ikkje til alle tider. Fotografiet vart oppfunne rundt 1839, men folk flest hadde knapt eige fotoapparat til å ta 17. mai-bilde før «Instamaticken» kom på 1960-talet. Men sidan den gong har 17. mai vore norske kvinner og menn, og etter kvart barna sin favoritt-fotodag!

Eg trur det er 20 år sidan ein rekna med at det vart teke 200 millionar bilde ein vanleg 17. mai i gamlelandet.

Før i tida som det heitte, gjekk ein til fotografen 17. mai. Det var festdagen, festklede og fritid. Tre soleklare kriterium for å ta bilde. Fram til den digitale tid har fotografering først og fremst vore knytt til fritid, no fotograferer ein heile tida. Ser ein i arkiva til Sponland, Moa og Simonnæs, dei tre verkeleg store Ålesundsfotografane etter bybrannen i 1904, har dei etterlate seg store arkiv.

Med få unnatak dei einaste glasplatearkiva vi har etter profesjonelle fotografar i Møre og Romsdal frå før 2. verdskrig. Protokollane deira er fullteikna av sunnmøringar som har droppa inn hos fotografane for «at la seg aftage» i sine beste klede sjølvaste 17. mai.

Ekstra gjevt må det ha vore i tida etter 1905 då Noreg vart fri etter 100 år under Sverige og sjølvtilliten var på det høgaste. Lengda på 17. maisløyfene talar for seg sjølv!

Eit einkelt søk i databasen https://fylkesfotoarkivet.mrfylke.no på «17. mai» gir 1147 treff frå heile fylket.

«17. mai Ålesund» (gamlekommunen) aleine i avansert søk gir 262 treff.

Ja, sunnmøringane dominerer databasen på alle måtar, ikkje så rart når 100.000 av dei 227.000 bilda i nettbasen er knytt til dei tre nemnde «SMS»-fotografane frå Ålesund.

Søket "17. mai Ålesund Sponland" gir deg «kremen» av våre 17. maibilde!

Det er ikkje så mykje å gjere med den skeive geografiske fordelinga på bilda ved FylkesFOTOarkivet. Nærkontakt med sogelaga og den rike tilgangen på profesjonelle fotografar sine arkiv her sør er ein grunn. Og sidan FylkesFOTOarkivet ligg der det ligg – i Ålesund – vil det alltid vere lettare å ta kontakt og stikke innom for dei 50% av innbyggarane i fylket som bur her i den søre luten.

FylkesFOTOarkivet har brukbart med bilde frå Nordmøre takka vere mykje samarbeid på Aure, i Sunndal og Nordmøre museum i Kristiansund. I Molde og heile Romsdal har Romsdalsmuseet i alle år og før FylkesFOTOarkivet kom i drift styrt sjølv og bygd opp ei stor fotosamling.

Ålesund, Ørskog, Kristiansund, Stranda og Sula er kommunane som har flest 17. maibilde i FylkesFOTOarkivet. I heile 13 kommunar i fylket finn vi berre eitt eller ingen bilde knytt til 17. mai i databasen.

Kan hende det er tid for meir temabasert innsamling av av bilde til FylkesFOTOarkivet framover, eller kan hende dette blir løyst heilt av seg sjølv på Facebook-grupper i kvar ein krik og krok som er oppretta i kvar grend i heile Møre og Romsdal? Ære vere innsatsen i sosiale media.

Ha ein så fin 17. mai du kan!
 

Helsing fotoarkivar Ragnar H. Albertsen

Kategori
Foto