27.11.2020

35 000 i støtte til Fyllingarkivet

Sjølvportrett - Fotograf: Knut Fylling

FylkesFOTOarkivet fekk det dei søkte om frå Norske Fagfotografers Fond i år: Kr 35 000 til digitalisering av arkivet etter «Høle-Knut», fotograf Knut Fylling (1903-1969) i Langevåg.

Hausten 2020 fekk FylkesFOTOarkivet Fyllingarkivet i gåve frå familien. Dessverre hadde arkivet dei siste 5-6 åra stått i uthus slik at om lag halvparten av originalnegativa hadde fått fuktskadar. Forsvarleg restaurering, ompakking og magasinering i klimamagasin vart dermed ikkje aktuelt utan store kostnader. Å digitalisere så mykje vi kan i ein akseptabel kvalitet vart løysinga. Høgst truleg må FAK likevel kaste mange kilo originalnegativ etter digitaliseringa. Arkivet etter Knut og kona Anna inneheld negativ frå over 18 000 ordrar frå perioden 1930 til 1980.

I 2016 vart dei første 1000 Fyllingbilda lagt ut i databasen vår, i dag under https://fylkesfotoarkivet.mrfylke.no og registrering kunne starte med hjelp av frivillige i FylkesFOTOarkivet sin dugnadsgjeng, den såkalla "DIS-gjengen". Per i dag er over 2600 bilde på nett og nesten halvparten har fått metadata av høg kvalitet.

Med prosjektstøtta frå fondet kan vi fortsette arbeidet med Fyllingarkivet. FylkesFOTOarkivet vil bidra med like mykje som frå fondet frå eige budsjett. Kor langt vi kjem veit vi ikkje, men vi stipulerer med digitalisering av 10 000 originalnegativ i løpet av ca 2 effektive månadsverk. Formidlings- og bevaringsarbeidet av Fyllingarkivet vil fortsette i mange år framover.

Norske Fagfotografers Fond skal ta i vare og fordele dei midlane som årleg vert tildelt frå Kopinor og Biblioteksvederlagsfondet. Midlane skal brukast til å støtte enkeltpersonar med utvikling av fotografiske prosjekt, utstillingar, bokutgjevingar etc.

Kategori
Foto