19.12.2017

450.000 til digitalisering av arkiv

arkivutviklingsmidler_tildeling_2017_2.jpg
Riksarkivaren har tildelt 150.000 kroner til digitalisering av skipsteikningar og foto frå tidlegare Voldnes skipsverft i Fosnavåg. Dessutan 300.000 til digitalisering av kommunestyreprotokollar frå Møre og Romsdal. Begge desse prosjekta skal gjennomførast av Senter for digitalisering av kulturarven (SEDAK) og Interkommunalt arkiv i Møre og Romsdal IKS (IKAMR).

IKAMR har definert skipsbygging og maritime næringar som sentralt å ta vare på innanfor privat sektor. Vi tar sikte på å bevare mykje skipsbyggingshistorie ved å digitalisere skipsteikningar og -foto herifrå fylket. Det vert gjennomført fleire prosjekt i samarbeid med museum og private. Mellom anna i Kristiansund, Molde og Ålesund.

Voldnes skipsverft vart etablert i 1962 som ein del av Gerh. Voldnes A/S, og som eige aksjeselskap i 1973. Etter 63 bygg vart verftet lagt ned i 2004. Med dette digitaliseringsprosjektet vil endå ein bit til puslespelet om verftsindustrien i Møre og Romsdal vere lagt.

Den største etterspurnaden frå publikum til IKAMR er innsyn i eldre kommunestyreprotokollar. I samband med 200-årsjubileet for grunnlova i 2014, digitaliserte IKAMR og SEDAK protokollane frå alle kommunane i Møre og Romsdal som omfatta året 1914. Kommunane eksisterte ikkje i 1814, men frå og med 1838 har dei vore i sving. Tilskotet frå Arkivverket gjer det mogleg å digitalisere protokollar frå etterkrigstida og framover til om lag 1964. Det er mogleg at noko må skjermast for innsyn, men det aller meste vil vere tilgjengeleg. Vi vil og lage register slikat det blir lettare å finne fram til saker. På denne måten blir dei kommunale arkiva lettare tilgjengeleg for alle, det blir mindre arbeid på arkivarane for å leite fram opplysningar og det blir mindre slitasje på protokollane. Venteleg vil proktokollar på nett auke interessa for den nære lokale historien også.

Tekst: Gunnar Morsund, IKAMR.