03.03.2017

Ålesund vidaregående skole på besøk

besok_vgs_alesund.jpg

Tidlegare denne veka var historielærarane frå Ålesund vidaregående skole på
besøk hjå IKA.


Under besøket vart dei vist rundt i arkivdepotet og fekk sjå på noko av arkivmaterialet IKA tar vare på for kommunane og fylkeskommunen i Møre og Romsdal. Dei fekk også sett døme på privatarkiv gjennom Jugendstilsenterets arkiv etter arkitektbrødrene Fürst. 

Det vart også diskutert kva slags moglege samarbeid IKA og Ålesund vidaregående skole kunne setje saman.

Det var eit hyggeleg møte der mange interessante idear kom fram, til dømes korleis kjeldene ved IKA kunne brukast i undervisninga.

Tekst: Dan André Fiskum Velle, IKAMR

Kategori
Eldre arkiv
Kommune
Ålesund