09.11.2020

Arbeiderbevegelsens arkiv i Møre og Romsdal

Emil Stokkevåg (prosjektmedarbeidar IKAMR), Lisbeth Rød (organisasjonsmedarbeidar LO Møre og Romsdal) og Åsta Vadset (rådgjevar for private arkiv IKAMR). Foto: Piotr Cabaj/SEDAK
I dag har vi hatt besøk av Lisbeth Rød, organisasjonsmedarbeidar ved LO Møre og Romsdal. Vi har sett på samlinga til Arbeiderbevegelsens arkiv i Møre og Romsdal og planlagt vidare arbeid med den.

I vår fekk Arbeiderbevegelsens arkiv i Møre og Romsdal tildelt 40 000 kroner i prosjektmidlar frå Arbeiderbevegelsen Arkiv og Bibliotek. Pengane skal gå til grovsortering, registrering på arkivnivå og publisering på Arkivportalen. 

Arkiva som inngår i samlinga utgjer 120 hyllemeter. 

Prosjektmedarbeidar Emil Stokkevåg skal gjere jobben.

Kategori
Privatarkiv