03.10.2019

Årets arkivar Møre og Romsdal 2019

Årets arkivar Møre og Romsdal 2019. Foto: Piotr Cabaj

På Kontaktkonferansen til Interkommunalt arkiv for Møre og Romsdal 1. oktober vart prisen Årets arkivar Møre og Romsdal delt ut for tredje gong.

Kommunane og fylkeskommunen i Møre og Romsdal har eit korps av arkivmedarbeidarar som utfører oppgåver som er grunnleggande for arbeidsgjevarane sine. Alle fortener dei å kome meir fram i lyset!

Helga Bøe, leiar Servicetorg og politisk sekretariat, Hareid kommune, vart tildelt prisen "Årets arkivar 2019 Møre og Romsdal.

Frå nominasjonen til årets arkivar:

"Helga har i årevis vore ein bauta innan arkiv på Søre Sunnmøre. Ho har stålkontroll på det meste og deler med dei fleste. Helga har ei veldig god forståing for system og fungerer som eit orakel for nabokommunane. Ho er som regel fyrst ute med alt. Ho har alltid ajourført arkivplan, er oppdatert på lovverk og har kontroll over fagsystem. Ho er flink til å lyfte blikket og sjå samanhengane ikkje berre i sin eigen organisasjon men i heile «Sjustjerna» (Hareid, Vanylven, Sande, Herøy, Ulstein, Volda og Ørsta). Like mykje som ho tek arbeidet på alvor er smilet breitt og latteren sit laust. Ho er ein solstråle av dei sjeldne og er ein unik og inkluderande humørspreiar. Vi er fleire som er takksame for jobben ho gjer i det daglege. Helga fortenar verkeleg denne utmerkinga."

Helga Bøe vart nominert av arkivkollegaer i Søre Sunnmøre-samarbeidet.

Utmerkinga består av ein diplom og ei skål laga av glasblåsar Ingrid Cecilie Ulla ved Ingrids Glassverksted.

Tidlegare mottakarar av prisen:
2017 – Annlaug K. Myklebust, Sandøy kommune
2018 – Ellen Eiknes Forland, Vestnes kommune

Kategori
Kontaktkonferansen
Kommune
Hareid