11.11.2022

Årets arkivar Møre og Romsdal 2022

Silje Ekroll Riborg er Årets arkivar 2022. Foto: Guro Flø, IKAMR

På Kontaktkonferansen til IKAMR i Kristiansund denne veka vart prisen Årets arkivar Møre og Romsdal delt ut for fjerde gong. Prisen gjekk til Silje Ekroll Riborg, arkivleiar i Ulstein kommune.

Prisen for Årets arkivar går til ein person som har utmerka seg på ein eller flere måtar innanfor arkiv og dokumentasjonsarbeidet i dei ulike kommunane i Møre og Romsdal. Utmerkinga har som mål å sette fokus på dette arbeidet , og vise til at godt og solid arbeid kombinert med nytenking og forståing for gode arkivløysingar blir sett pris på.  

Frå nominasjonen:

Personen har vore ei vitamininnsprøyting til dokumentsenteret i kommunen sidan ho vart tilsett i 2021.

Vinnaren av prisen var raskt ute og tok tak i rydding og kartlegging av dei ulike arkivlokala for å få oversikt og kontroll over arkiva i kommunen.

Dette gjorde ho samtidig med at ho stod for nedpakking og utsending av arkivmateriale til ordning hos IKAMR. Ho har blant fleire oppgåver kome i mål med å få på plass ny innsynsrutine, vedtak- og restanserapportering og arkivplan. Det nasjonale Åpenhetsbarometeret viser at kommunen 2 år på rad har fått ei topplassering som ein av dei mest opne kommunane i landet.

Ho blir oppfatta som svært endringsvillig, løysingsorientert og positivt til ny funksjonalistet. Ho har blant anna tatt initativ til og sett i gang digital internopplæring i WebSak/Acos for saksbehandlarar ikkje berre i eigen kommune men også nabokommunane. Hennar inkluderande og hyggelege veremåte er verdsett av både nye og gamle kollegaer.

Ho har også vore initiativrik og sterk ressurs for arkivgruppa som er sett saman av fleire kommunar. Sjølve nominasjonen kom som eit initativ frå kommunen men den kom  også frå andre arkivleiarar i nabokommunane.

Utmerkinga består av ein diplom og ei skål laga av glasblåsar Ingrid Cecilie Ulla ved Ingrids Glassverksted i Ålesund.

Prisen har vore utdelt sidan 2017 (med opphald under coronapandemien). Tidlegare mottakarar av prisen:

2019 - Helga Bøe, leiar Servicetorg og politisk sekretariat Hareid kommune
2018 - Ellen Eiknes Forland, arkivleiar Vestnes kommune
2017 - Annlaug Knardal Myklebust, arkivleiar Sandøy kommune

Kommune
Ulstein