01.07.2022

Arkiv frå handelsstaden Rønneberg på Larsnes

Bjørn Halle med bevillingsbrevet frå kong Oscar II, etter søknad frå Rasmus G. Rønneberg i 1903, om oppretting av familiegravstad på Rønneberg-eigedommen. 4 graver vart flytte frå Rovde kyrkje til familiegravstaden på Larsnes. Foto: Åsta Vadset, IKAMR
Brev frå Kong Oscar II
Brev frå Kong Oscar II
Brev frå Kong Oscar II
Detalj frå brevet

IKAMR har tidlegare motteke rekneskaps- og kopibøker frå handelsstaden Rønneberg på Larsnes, samt kvitteringsbøker frå dampskipsekspedisjonen. 17. juni var etterkomar Bjørn Halle innom med korrespondansearkiv.

Korrespondansearkivet er ei blanding mellom privat- og forretningsverksemd, og strekker seg i tid over heile 1800-talet samt starten av 1900-talet. Blant anna kong Oscar II. sitt bevillingsbrev frå 1903 til opprettinga av familiegravstad på Rønneberg-eigedomen.  

I siste halvdel av 1700-talet bygde Christoffer Rønneberg (1737-1824) opp eit mektig familiedynasti innanfor sunnmørsk næringsliv og politikk. Sonen Rasmus Rønneberg (1776-1822) tok over som handelsmann på Larsnes i 1803. Sonen hans igjen, Christopher Mathias (1804-1863), dreiv også handel på Skotholmen og i Flusund (Herøy kommune), i tillegg til å vere Herøy sin første ordførar. Neste generasjon, Rasmus Gerhard Rønneberg (1828-1907), var den siste kremmaren på Larsnes frå denne mektige handelsfamilien. Til handelsstaden høyrde butikkar, bakeri, brennevinshandel, post, dampskipsekspedisjon, olje- og bensinstasjon og agentur. Etter kvart vart jorda forpakta vekk og handelsverksemda leigd bort.

Rønneberghuset på Larsnes vart selt ut av familien. I dag er huset, ein staseleg sveitservilla bygd rundt 1880, restaurert og vert drive som selskapslokale (Selskapslokale i historiske omgivelser | Rønneberghuset | Møre og Romsdal (ronneberghuset.no). I tillegg bestod eigedommen i Larsnes sentrum av eit eldhus, ein låve, eit stabbur, eit hønsehus og grisefjøs, i tillegg til eit badehus. No er låven og badehuset vekk, men dei andre husa er under restaurering. På det meste var der 16 bygningar. I tillegg naust på Dalebø-eigedommen og hytta St. Helena på øya i Sandviksvatnet.

Arkivet er tatt inn til bevaring og forvaltning etter medlemskapet Sande kommune har i privatarkivordninga ved IKAMR.

Lenke til arkiva på Arkivportalen: P-00155 - Handelsstaden Rønneberg, Larsnes (arkivportalen.no)

 

Kjelde: Soga um Sande og Rovde, bind I. Jakob Bjørlykke og Olav Liset (1935).

 

Tekst: Åsta Vadset, IKAMR
Originalar digitisert av Piotr Cabaj, SEDAK/IKAMR

Kategori
Privatarkiv
Kommune
Sande