17.10.2021

Arkiv frå lokale lag og foreiningar

Utklipp lånt frå vikebladet.no

Arkiv frå lokale lag og foreiningar kan vere tapt eller stå i fare for å gå tapt. Dette ønsker Ulstein kommune å gjere noko med.

Sit du på protokollar, bøker og anna arkivmateriale du kanskje har arva frå nokon, som du ikkje veit kva du skal gjere med?

I lokalavisa for Ulstein og Hareid, Vikebladet/Vestposten, kan ein denne veka lese om oppfordringa frå Ulstein kommune, Ulstein Historielag og IKAMR om å nytte høvet til å levere inn gamle privatarkiv til rådhuset i Ulsteinvik. Her vil dei bli tatt vare på til dei blir levert vidare til IKAMR i Ålesund, truleg ein gong på nyåret. 

Den som leverer inn arkiv vil framleis vere eigar av materialet. KAMR yter ei teneste som sørger for trygg oppbevaring og systematisering, samt registrering av materialet som gjer dei moglege å søke opp i den nasjonale tenesta arkivportalen.no. 

Arkiv frå lokale lag, organisasjonar og privatfolk er viktige fordi dei viser ei anna side av samfunnet enn dei kommunale. Dei utfyller kvarandre og gir ei meir heilskapleg forståing av tidsbildet. 

Ta kontakt med arkivleiar i Ulstein kommune, Silje Ekroll Riborg, om du har arkivmateriale frå Ulstein-området.

Informasjonen er henta frå artikkel i Vikebladet/Vestposten, skriven av journalist Jorulf Myrene. Du kan lese heile artikkelen her (bak betalingsmur).

 

 

Kategori
Privatarkiv
Kommune
Ulstein