01.10.2020

Arkiva etter lokallaga i Norske Kvinners Sanitetsforening Møre og Romsdal

Fylkesleder Elinor Bolme. Pressefoto.

NKS Møre og Romsdal og IKAMR har i år inngått eit samarbeid om bevaring av arkiv etter lokallaga og fylkeslaget.

Sidan Norske Kvinners Sanitesforening vart stifta i 1896 har der eksistert lokallag over heile landet. Ei mengd foreiningar, små og store, har jobba for betre forhold i lokalmiljøa sine. Dei har bidrege med ein enorm frivillig basert innsats særleg innanfor helsestell og omsorg. 

NKS Møre og Romsdal, ved fylkesleiar Elinor Bolme, og IKAMR har inngått eit samarbeid om innsamling og bevaring av arkiva etter lokallaga, og fylkeslaget, i fylket vårt. 

Ei viktig, og underkommunisert, historie som vi er glade for å få i hus.

Kategori
Privatarkiv