10.05.2022

Arkiva etter Tingvoll Ullvarefabrikk og Tingvoll Tekstilarbeiderforening deponert for ordning

Foto: Piotr Cabaj, SEDAK/IKAMR
Foto: Piotr Cabaj, SEDAK/IKAMR
Foto: Piotr Cabaj, SEDAK/IKAMR
Foto: Piotr Cabaj, SEDAK/IKAMR

Hausten 2021 fekk Tingvoll Museum og IKAMR arkivutviklingsmidlar for å ordne arkiva og digitisere delar av dei. Dette arbeidet vert gjort i løpet av sommaren i år.

Ullvarefabrikken var ei hjørnesteinsbedrift på Tingvoll frå 1898 til 1967. På det meste var der 230 tilsette, i stor grad kvinner. Der er nok mykje ein kan hente ut av denne dokumentasjonen, både når
det gjeld industrihistorie, kvinnehistorie og kommisjonærsystemet til dømes.

Arkivet etter ullvarefabrikken består av seriar frå både administrasjonen og sjølve produksjonen: Styreprotokoll, kopibøker, korrespondanse, lønningslister, veveribøker, stoffprøvebøker, ordrelister, leveringsløyve, innskrivingsblad, teikningar og rekneskap. Dokumentasjonen er ifrå perioden 1900-1966, så vidt vi kan sjå etter grovordning. Den totale mengda utgjer ca 33 hyllemeter.

Arkivet etter fagforeininga er delvis deponert ved IKAMR frå før, så denne tilveksten vil komplettere det vi tidlegare har motteke. Vi er spente på kva ein kan finne ut av dette materialet når det er ferdig ordna og tilgjengeleggjort.

 

Tekst: Åsta Vadset, IKAMR
Foto: Piotr Cabaj, SEDAK/IKAMR

Kategori
Privatarkiv