11.17.2017

Arkivdagen 2017: Fortid - Notid - Framtid

aina_arkivdagen_2017.jpg
gudmund_arkivdagen_2017.jpg
aage_arkivdagen_2017.jpg
perry_arkivdagen_2017.jpg
dan_arkivdagen_2017.jpg
I år vart Arkivdagen arrangert i dei høgtidelege lokala til Latinskolen i Ålesund og ikkje minst i IKA Møre og Romsdals eigne lokale i Kirkegata 10b.

I år ville dei tilsette ved IKA Møre og Romsdal fokusere på arkiva si viktige betyding, ikkje berre for historikarar og andre forskarar, men også for den vanlege mannen og kvinna i gata. Gudmund Valderhaug, førstelektor ved Institutt for arkiv-, bibliotek og informasjonsfag ved Høgskolen i Oslo og Akershus, heldt eit innlegg om kvifor arkiv er viktig og kva for innverknad arkiva har i vår kvardag utan at vi tenker over det. Aina Basso, forfattar og historikar, heldt eit spennande innlegg om hennar bruk av arkiv som kjelde til romanar. Åge Brekk, leiar for sekretariatet for Oppreisningsordninga for tidlegare barnevernsbarn i Møre og Romsdal, fortalde om arkiva sin veldige verdi for mogleg oppreising for tidlegare barnevernsbarn. Til slutt snakka styreleiar Perry Ulvestad om framtid og utfordringar på arkivfeltet for IKA.

I Kirkegata 10b vart det halde fleire populære omvisingar i eit av dei fire arkivmagasina. Då måtte ein ta fantasien fatt! Rådgjevar Dan André Fiskum Velle synte fram ulike kjelder frå fjern og nær både geografisk som kronologisk. Slektsgranskarane kunne få tips om tilgang til kjelder både digitalt og på lesesal. I tillegg hadde også fagpersonalet på foto gjort seg flid med ei informativ og flott utstilling om hundreårsjubileet til Møre og Romsdal Fotograflaug.

Det vart ein knakande kjekk dag hos IKA Møre og Romsdal og vi vil takke alle som kom på besøk! Totalt sett var det om lag 100 besøkande i Kirkegata og Latinskolen.

Tekst: Dan Andre Fiskum Velle, IKAMR.