26.11.2020

Arkivet etter Aalesund Sanitetsforening

Aalesund Sanitetsforening si fane - Foto: Åsta Vadset, IKAMR
Fylkeslaget i Møre og Romsdal Sanitetsforening har sidan januar i år samarbeidd med IKAMR om bevaring av dei lokale sanitetsforeiningane sine arkiv.

I dag var rådgjevar for private arkiv, Åsta Vadset, på synfaring hjå Aalesund Sanitetsforening. Foreininga er ei av dei eldste i vårt fylke, stifta i 1898, berre 2 år etter at organisasjonen vart danna i Noreg. Arkivet består av møtebøker, medlemsbøker, rekneskap, korrespondanse og foto.

Aalesund Sanitetsforening har, slik alle andre sanitetsforeiningar, arbeidd for dei sakene som har vore påtrengande i deira lokalsamfunn til eikvar tid: skulebarnundersøkingar, barnepark, sjukehotell, sjukeheim - og Hjelpestasjonen for tuberkuløse i Nedre Strandgate (saman med Aalesund Tuberkuloseforening). Dei dreiv også Haukås tuberkuloseheim, på Sjøholt, i lag med kommunane på nordre Sunnmøre, og Kringsjå tuberkulosehjem på Sørneset.

Vi ser fram imot å få denne viktige dokumentasjonen inn til depot over nyttår. 

Aalesund Sanitetsforening

Aalesund Sanitetsforening 1898-1998, Aud Farstad (1998). 

Kategori
Privatarkiv