19.12.2022

Arkivet etter forfattar Anne Karin Elstad

Foto: Leif Ørnelund – Oslo Museum: image no. OB.Ø76/2501a (Byhistorisk samling), via oslobilder.no. Wikipedia: CC: CC BY-SA 3.0
Arkivet oppbevart ved Nasjonalbiblioteket i Oslo. Foto: Signe Holtskog Nyhus, Nasjonalbiblioteket

Våren 2021 starta eit samarbeid mellom stiftinga Elstadsamlinga, IKAMR og Nasjonalbiblioteket for å få arkivet bevart ved Nasjonalbiblioteket i Oslo.

Arkivet vart gitt i gåve til Halsa historielag og Halsa kommune (no Heim kommune) av forfattaren sjølv. Elstadsamlinga, ei stifting med representantar frå historielaget og kommunen, oppbevarte arkivet ved Otnes skule i Valsøyfjord der det også er laga ei utstilling om forfattarskapet. Manus til Folket på Innhaug var deponert for digitisering/mediekonvertering ved Sedak / IKAMR. Etterkomarane til Elstad oppbevarte også arkiv som no er avlevert ved Nasjonalbiblioteket.

Nasjonalbiblioteket har den største samlinga av privatarkiv etter norske forfattarar, og arkivet etter Anne Karin Elstad får no plass saman med andre skjønnlitterære forfattarar, både frå si samtid og frå tidlegare tider. Arkivet blir teke vare på for framtida slik at forskarar og andre interesserte er sikra eit viktig kjeldemateriale til norsk litteraturhistorie.

Arkivet utgjer 6,5 hyllemeter og består av manus, kåseri, foredrag, korrespondanse, intervju, skuleoppgåver, særoppgåver, hovudfagsoppgåve, småtrykk, avisutklipp og trykksaker.

Vi takkar Stiftinga Elstadsamlinga, familien Elstad og Nasjonalbiblioteket for eit godt samarbeid!

 

 

Tekst: Åsta Vadset, IKAMR

Kategori
Privatarkiv