10.09.2020

Arkivet etter Sunnmøre og Romsdal Fiskesalslag (SUROFI)

Kontrollansvarleg Vigdis Torheim ved SUROFI. Foto: Åsta Vadset
Sunnmøre og Romsdal Fiskesalslag vart oppretta i 1945, og er i dag Noregs nest største salslag innan kvitfisksektoren.

Laget har einerett på all førstehandsomsetjing av kvitfisk og skaldyr i Sunnmøre og Romsdal. Bedrifta har hatt, og har framleis, stor betydning for fiskeria i sitt distrikt. Lenge eksisterte også avdelingskontor både i Fosnavåg og Molde/Bud.

No skal arkivet for perioden 1945-2005 ordnast, registrerast og deponerast til oss. Dokumentasjonen utgjer 31 hyllemeter.

 

Kategori
Privatarkiv