08.11.2021

Avlevering frå Aure kommune

Tove Nypan trillar inn meir arkiv frå Aure. Foto: Andri Jònsson, IKAMR
Torstein Skeide Olsen med tommel opp og arkiv frå Aure. Foto: Andri Jònsson, IKAMR
Lang, lang rekke med flyttekasser fulle med arkiv frå Aure, Joanna Pietruszka står heilt bakarst. Foto: Andri Jònsson, IKAMR

6. oktober kom ei avlevering på vel 142 hyllemeter til IKAMR frå Aure kommune.

Dette er materiale som for det meste er ordna av kommunen sjølv, men også noko materiale utanom. For det meste er dette administrativt arkiv frå Aure kommune, men også noko frå tidlegare Tustna kommune. Materialet er no kome på hylle etter ein solid kollektiv innsats frå dei forskjellige avdelingane hos oss. Etter kvart vil også materialet kome ut på Arkivportalen.

Siste avlevering frå Aure kommune, avdeling Skansen Gullstein er for venta å kome til oss 11. november.

 

Tekst: Torstein Skeide Olsen, IKAMR

Kategori
Eldre arkiv
Kommune
Aure