18.02.2015

Avlevering frå Sandøy kommune i forbindelse med ordnings- og digitaliseringsprosjekt

foto_sandoy_kommune.jpg

Sandøy kommune har i dag avlevert diverse arkiv til IKAMR for ordning, registrering og tilgjengeleggjering. Byggesaksarkivet skal i tillegg digitaliserast. Arbeidet skal gjerast av IKAMR og SEDAK.

12.februar 2015 var leiar for SEDAK, Ottar André Breivik Anderson og rådgjevar ved IKAMR, Vibeke Lunheim, på kommunebesøk i Sandøy kommune. Dei hadde møte med arkivleiar Annlaug Myklebust om arkiv som skulle fraktast til Ålesund. I dag 18. februar avleverte Sandøy kommune byggesaksarkivet, sentraladministrasjonen sitt saksarkiv frå 1967-2005, skulekontoret sitt saksarkiv fram til 2005, møtebøker for formannskap og kommunestyre og fiskerirettleiaren frå 1975-1995.

Sandøy kommune tok allereie i 1995 i bruk Forum Winsak, og saksarkiva er difor både lagra på papir og i elektronisk form. Kommunen har søkemoglegheiter i det elektroniske systemet, og IKAMR vil difor få minimalt med innsyn i desse arkiva. Dette er føresetnaden for at vi kan ta imot nyare arkiv enn 25-årsregelen fastset i forskrift om offentlege arkiv Kap V.