07.01.2020

Avleveringsveker i 2020

Kvar avleveringsveke blir det deponert store mengder arkiv til IKAMR. Foto: Rangar Albertsen

Kvart år blir det sett av faste veker for avlevering av arkivmateriale frå eigarkommunane våre. Denne ordninga har fungert godt og vi vidarefører praksisen i 2020.

I 2020 er det sett av følgjande avleveringsveker:

Veke 7 (10-14. februar), veke 14 (30. mars-3. april, veka før påske), veke 25 (15-19. juni), veke 37 (7-11. september), veke 44 (26.-30. oktober) og veke 50 (7.-11. desember).

Ta kontakt i god tid på førehand for å avtale dato og klokkeslett!

IKAMR sitt hjelpehefte for ordning, føring og avlevering finn du her.