26.05.2015

Behandling av dokumentasjon i pleie- og omsorgstenesta

fou.png

I regi av KS har det vorte utarbeidd ein rapport og ein rettleiar om behandling av dokumentasjon i pleie- og omsorgstenesta.

Bakgrunnen for dette er at KS over tid har fått mange spørsmål frå kommunane om korleis dokument i pleie- og omsorgstenesta skal handterast. Slik dokumentasjon innheld ofte helseopplysningar som er underlagt strenge krav om personvern. Den kan også innehalde opplysningar som ikkje vedkjem sjølve helsehjelpa, og som derfor må reknast som saksbehandlingsdokumentasjon. Avhengig av om det er saksbehandlingsdokumentasjon eller dokumentasjon av helsehjelp, er dokumentasjonen underlagt forskjellige lovverk. Dette medfører ulike krav til tilgang, sletting, lagring og gjenbruk. Det er derfor viktig at dokumentasjonen ikkje blir samanblanda i arkivdanninga.

Innhaldet er drøfta av Helsedirektoratet, Datatilsynet og Riksarkivet.

Rapporten og rettleiaren finn du på nettsida til KS.