Besøk av doktorgradsstipendiat i fargelære
IKA Møre og Romsdal har inngått eit samarbeid med Humenuck, som har bakgrunn som bok- og papirkonservator. I dag forskar ho på korleis lavterskel-teknologiar, som multispektral og spektral bildebehandling, kan brukast til å gjere skjøre og falma dokument lesbare igjen – og dermed tilgjengelege for både forskarar og allmenta.
Prosjektet har som mål å demokratisere tilgangen til avanserte bevaringsmetodar, slik at fleire institusjonar – uavhengig av storleik og ressursar – kan ta vare på og formidle kulturarv. Dette er spesielt viktig i ei tid prega av klimaendringar, konfliktar og reiserestriksjonar, som trugar både tilgangen til og bevaringa av historiske dokument og gjenstandar.
I arbeidet med doktorgraden sin brukar Leah kjelder frå Møre og Romsdal for å vise at desse teknologiane er effektive og tilgjengelege også for mindre arkivinstitusjonar. Ho har tidlegare besøkt oss, og kom no tilbake for å digitisere fleire kjelder frå depota våre. Ho har sett av to dagar til å arbeide med dokument frå samlingane våre – mellom anna portrettbilde, fargerike illustrasjonar og reklameblad.
Ved å trekke inn kjelder frå IKA Møre og Romsdal, set Humenuck og teamet hennar vårt lokale arkivmateriale inn i ein internasjonal samanheng. Dette løftar den faglege verdien av samlingane våre, og viser korleis samarbeid på tvers av grenser kan bidra til å bevare og formidle kulturarv på nye og framtidsretta måtar.
Vi ser fram til vidare samarbeid og resultatet av forskinga!