15.09.2022

Besøk av politiarkivarar frå heile Norge

Piotr Cabaj, fotograflærling ved SEDAK, i blackbox-studio. Foto: Ottar Andre Breivik Andersson, SEDAK/IKAMR
Frå omvisning i magasinet ved rådgjevar Andri Jonsson. Foto: Vibeke Lunheim, IKAMR
Rådgjevar Torstein Skeide Olsen fortalde om arbeidet ved ordningsavdelinga. Foto: Vibeke Lunheim, IKAMR
Tirsdag 13. september fekk IKAMR besøk av 50 politiarkivarar frå heile landet. Gruppa bestod av arkivleiarar og arkivmedarbeidarar frå politiet og ulike særorgan knytt til politiet. Deltakarane var samla i Ålesund i regi av Møre og Romsdal politidistrikt.

IKAMR har ikkje hatt ei så stor gruppe på besøk på fleire år, og det var ei utfordring å få plass til så mange menneske i lokala våre på ein gong. Dei besøkande vart difor delte opp i fire mindre grupper som gjekk rundt i lokala med kvar sin guide. Dei stoppa på ulike stasjonar der dei fekk ein liten presentasjon av kva vi driv med ved IKAMR.

Gruppene fekk omvisning i det største magasinet vårt, M01, av rådgjevar Andri Jonsson. Her fekk dei eit oversyn over arkivbehaldninga vår og fekk sett på dei finaste arkivstykka våre. Deretter besøkte dei ordningsavdelinga og fekk vite meir om arbeidet med ordning av papirarkiv av rådgjevar Torstein Skeide Olsen. Gruppene var samla på møterommet hjå Åsta Vadset, rådgjevar for privatarkiv, og fekk kaffi, sjokolade og presentasjon av arbeidet med innsamling, bevaring og formidling av privatarkiv i Møre og Romsdal. Siste stasjon var SEDAK og FylkesFOTOarkivet der gruppene trefte Ottar Anderson, leiar for SEDAK, fotograflærling Piotr Cabaj og fylkesfotoarkivar Anne Tømmervåg. Her fekk gjestane sett på utstyr som vert brukt i digitisering av kulturarven, og informasjon om arbeidet med formidling og bevaring av fotoarkiv.

Vi er veldig nøgde med besøket og tek gjerne imot fleire grupper som vil bli kjende med kva vi gjer ved Interkommunalt arkiv for Møre og Romsdal!

Tekst: Andri Jonsson, IKAMR