07.06.2019

Besøk frå Bergen Byarkiv

Ottar A.B. Anderson og Ståle Krantz Bruland. Foto: Zane Aboltina / SEDAK
Ottar A.B. Anderson og Ståle Krantz Bruland i studioet i Nedre Strandgate. Foto: Piotr Cabaj / SEDAK
Ottar A.B. Anderson og Ståle Krantz Bruland. Foto: Zane Aboltina / SEDAK

IKA Møre og Romsdal ved SEDAK har hatt besøk av Ståle Krantz Bruland frå Avdeling for moderne arkiv ved Bergen Byarkiv.

Ståle Krantz Bruland har forfatta IMAGO "Kvalitet i digitalisering og sikring av grafikkfiler for langtidslagring" som er ei skildring av prosedyrar for digitalisering.

Dette er eit av få arbeidsdokument som er omsett til norsk. Vi vil sjå om vi kan samanfatte dette med ei mogleg omsetting av ISO/TS 19264-1 (Photography -- Archiving systems -- Image quality analysis -- Part 1: Reflective originals) til norsk, denne eksisterer berre på engelsk, noko som er eit hinder for at den blir tatt i bruk i det norske ABM-miljøet.

I forbindelse med besøket gjekk ein gjennom SEDAK sine prosedyrar og ISO standarden. Ein var også innom studioet i Nedre Strandgate og såg på testoppsett for gjenstandsfotografering.

Kategori
SEDAK