22.01.2018

Besøk frå HiOA

kai_robin_flesvik_nilsen_omvisning_ikamr_jan2018_2.jpg

Fredag 19.01.2018 hadde vi besøk av bibliotekarstudent Kai Robin Flesvik Nilsen ved institutt for arkiv, bibliotek- og informasjonsfag på Høgskolen i Oslo/Akershus (HiOA).

Kai Robin Flesvik Nilsen er 1.års bibliotekarstudent og har praksisplass ved fylkesbiblioteket i Ålesund i fem veker frå 02.01-02.02.2018.

Praksisperioden er ei unik moglegheit for studenten til å bli kjent med praksisfeltet og framtida sine bibliotekarar og andre partnarar det er naturleg å samarbeide med. Fylkesbiblioteket har lagt opp til eit breitt erfaringsgrunnlag for studenten, med t.d. besøk på folkebibliotek, bibliotek på vidaregåande skular i fylket og bokbåten.

Også arkiv er eit viktig felt for framtidige bibliotekarar og IKA Møre og Romsdal kunne tilby Kai Robin ein halv dag med informasjon og opplæring. Kai Robin var innom arkivet, FylkesFOTOarkivet, Fylkessenter for digitalisering av kulturarven (SEDAK) og Kulturnett Møre og Romsdal. Studenten fekk eit innblikk i arkiv, digitalisering, fotobase og kulturdatabasar som vi har i regionen og nasjonalt.

Tekst: Annette Elin Koch/Jan Aakvik.