Besøk frå Slekt og Data Møre og Romsdal
Slekt og Data er ein organisasjon for dei som er interesserte i slekts- og personhistorie. Lokallaga og fylkeslaget i Møre og Romsdal arrangerer kurs og foredrag om ulike tema for medlemene sine. I år gjekk den årlege sommarturen til Ålesund, med besøk hos IKAMR. Her fekk deltakarane sjå arkivmateriale som kan nyttast til slektsgransking og lokalhistorisk forsking, og bli betre kjende med verksemda vår.
På grunn av det store talet på deltakarar vart gjestene delte inn i tre grupper som roterte mellom tre stasjonar. Dei fekk omvising i arkivmagasinet, der vi viste fram smakebitar frå samlingane våre, eldre arkivmateriale frå ulike kommunar og fortalde om arbeidet med mottak og tilgjengeleggjering av kommunale arkiv. På FylkesFOTOarkivet fortalde fotoarkivar Anne Tømmervåg om arbeidet med fotoarkiv og viste korleis ein kan finne fram i det tilgjengelege fotomaterialet. På den tredje stasjonen hadde vi lagt fram arkivmateriale frå ulike kommunar som ofte vert brukt til slektsgransking, mellom anna fattigstyreprotokollar, skuleprotokollar og likningsprotokollar som deltakarar fikk bla i.
Etter lunsj reiste gruppa vidare til Ålesund Museum, der Andri Jonsson, rådgivar ved avdeling kommunalt arkiv, heldt ein presentasjon om Arkivportalen.no og om slektsgransking i arkiva hos IKAMR.
Vi takkar Slekt og Data Møre og Romsdal for eit hyggeleg besøk og set stor pris på høvet til å vise fram dei eldre kommunale arkivsamlingane våre og synleggjere bruksverdien for slektsforskarar og andre brukarar.