03.02.2022

Besøk frå Tingvoll museum

Marianne Nystad, avdelingsleiar Nordmøre museum, i magasinet ved IKAMR. Foto: Åsta Vadset, IKAMR
I går, 2. februar, hadde vi oppstartmøte for gjennomføring av arkivutviklingsprosjektet IKAMR og Tingvoll museum fekk midlar til frå Arkivverket i desember 2021.

Marianne Nystad, avdelingsleiar Nordmøre museum, tok turen frå Tingvoll til Ålesund for møte. Ho fekk også sett på materiale frå Tingvoll tekstilarbeiderforening, som ligg i samlinga til Arbeiderbevegelsens arkiv i Møre og Romsdal.

Arkivet etter Tingvoll Ullvarefabrikk, og resten av arkivet etter fagforeininga, skal til IKAMR for ordning og listeføring. Senter for digitalisering av kulturarven (Sedak) skal digitisere utvalde seriar, som skal tilgjengeleggjerast via digitalarkivet.

 

Tekst: Åsta Vadset

Kategori
Privatarkiv