31.05.2021

Besøk i Sykkylven kommune

Tove Karin Lilleås, fagleiar arkiv i Sykkylven kommune og Torstein Skeide Olsen, IKAMR
IKA Møre og Romsdal var 28. mai på synfaring hos Sykkylven kommune for å kartlegge resterande papirarkiv etter ønske frå kommunen.

Vi kartla 10,3 hyllemeter hos Sykkylven kulturhus, fekk tatt opp nytteverdien i eit eventuelt medlemskap i IKA si privatarkivordning og deretter fekk vi kartlagt omkring 250 meter på rådhuset.

På rådhuset blei det gjennomgått arkiv frå enkeltskular (både nedlagde og aktive), skulestyre/skulekontor, kulturkontoret, idrettsstyret, teknisk etat, landbruksarkiv, helse og sosial, sentraladministrasjonen, formannskapet, kommunestyret og ei rekke mindre kommunale nemnder m.fl.

 

Vi takkar Sykkylven for eit hyggeleg besøk i fantastisk ver og ser fram til fortsettinga!

 

Tekst: Torstein Skeide Olsen, IKAMR

Kategori
Eldre arkiv