Då freden kom – Ellinor fortel frå frigjeringsdagen i 1945
Ellinor var elev ved Aspøy skule i Ålesund våren 1945. Då ho, som mange andre barn, fekk vite at Tyskland hadde kapitulert, skreiv ho ein stil til norskeksamen med tittelen «Fortel om den største dagen i livet ditt». For Ellinor var dette dagen då freden kom.
No, 80 år seinare, bur Ellinor framleis i barndomsheimen sin på Aspøya. I samarbeid med NRK har ho fått lese stilen sin på nytt og dele minna frå både krigen og frigjeringsdagen. Dette møtet mellom fortid og notid gir eit unikt innblikk i korleis barn opplevde krigen. Å høyre Ellinor lese sin eigen stil frå 1945 minner oss om kor viktig det er å ta vare på barna sitt perspektiv – ikkje berre dei vaksne sitt – når vi skal formidle historia om krigsåra.
I tillegg til historia til Ellinor, blei det levert 81 andre eksamensoppgåver ved Aspøy skule i juni 1945. Dei fleste skreiv om frigjeringsdagen, men nokre valde også å skrive om 17. mai, dagen då kongen kom tilbake til Noreg etter fem år i eksil, eller om då engelske skip kom til Ålesund og soldatane delte ut sjokolade til barna.
I stilane som handlar om frigjeringsdagen, får vi høyre om gleda, letta og kjensla av fridom: kyrkjeklokker som kima, norske flagg som vart henta fram, blendingsgardiner som blei brende i små bål i gatene – og radioar som endeleg kunne takast fram etter fem år i skjul. Lysa vart tende i gatene, og ingen gjekk heim før tidlegast klokka ti på kvelden.
Mange av barna skreiv at det beste med dagen var at dei kunne legge seg om kvelden utan å vere redde for flyalarm – sjølv om det var klårvêr. Dette fortel oss mykje om den psykiske belastninga barn levde med gjennom krigsåra.
Stiloppgåvene er no i ferd med å bli digitiserte, og vert snart tilgjengelege på Digitalarkivet.no. Dei gir både unge og vaksne høve til å lese om krigens slutt slik han vart opplevd av barna sjølve – med eigne ord og eigne blikk. Følg med i dagane som kjem. Fleire historier blir løfta fram i lyset igjen.
Inntil vidare kan du sjå reportasjen frå Dagsrevyen i NRK her:
og Distriktsnyheter i NRK Møre og Romsdal her:
Distriktsnyheter Møre og Romsdal - NRK TV
Du kan òg lese eksamensoppgåva til Ellinor i sin heilskap – digitisert versjon er vedlagd.