25.11.2021

Dagbøkene frå Runde fyr

Ein smakebit frå dagbøkene frå Runde fyr. Foto: Piotr Cabaj, SEDAK

I dag er Runde fyr eit ynda turmål og turisthytte. Dagbøkene Astrid Lillerøvde skreiv 1924-1929 fortel ei heilt anna historie.

Astrid Lillerøvde (f. 1910) skreiv i alt 11 dagbøker i perioden 1924-1929, då ho som dotter i ei fyrvaktarfamilie budde ved Runde fyr. Fyrvaktar Johan M. Lillerøvde kom til Kvalneset i 1915, i lag med kona Ragna og dei etter kvart 7 borna. Familia hadde tidlegare halde til ved Holmengrå fyrstasjon, nordvest for Fedje i Nordhordland.

Astrid gifte seg med lærar Sverre Ljoså, og fekk 3 barn og 1 barnebarn.

Det er dottera Magni som i dag eig dagbøkene. Ho har transkribert dei og sett inn sine eigne kommentarar i fotnotar, noko som gir lesaren eit ekstra lag med informasjon. Dagbøkene inneheld også fargerike teikningar og innlimte utklipp frå blad/aviser.

IKAMR har fått låne dagbøkene og digitisert dei. Dagbøkene og den transkriberte versjonen vil verte tilgjengeleggjorde på digitalarkivet.no før jul.

Tekst: Åsta Vadset

Gammalt bilde av ein familie, mor og far sit med to av barna i fanget og dei 4 andre barna rundt seg.Bildet er tatt ute med bjørkeskog og gras i bakgrunnen.
Fyrvaktarfamilien på Runde 1915-1929. Astrid står lengst til venstre i bildet. Bildet er lånt med løyve frå Storegjerdesamlinga, Sande Sogelag.
 
Kategori
Privatarkiv