07.03.2019

Decom Workshop for Sofie og Extens

Elarkivarar i arbeid. Geir Kåre Utmo, Tore Fadnes til venstre og Torbjørn Aase. Fotograf: Ragnar H. Albertsen.
Elarkivarar i arbeid. Geir Kåre Utmo, Tore Fadnes til venstre og Torbjørn Aase. Fotograf: Ragnar H. Albertsen.
IKA Møre og Romsal held Decom Workshop for systema Sofie (saksarkiv) og Extens (skole) onsdag 6. og torsdag 7. mars. Geir Utmo frå Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane er med saman med IKAMR sine eigne elarkivarar Tore Fadnes og Torbjørn Aasen.

KDRS køyrer prosjekta "Produksjonslinja for bevaring og tilgjengeleggjering av digitalt skapt arkivmateriale" og "Decom malsett for fagsystem" støtta av Riksarkivarens arkivutviklingsmidlar. MODARK-prosjektet i Arkivverket er også ein aktiv støttespelar for tiltaka, der hovudmålsetjinga er å hente inn det såkalla etterslepet i bevaring av elektroniske system. I Riksrevisjonens rapport frå 2010 kjem det fram at kommunane og fylkeskommunane har store utfordringar med å sikre og gjere tilgjengeleg bevaringsverdig dokumentasjon. Det vart anslått at der var ca. 10 000 elektroniske system. No er det gått 8 år sidan rapporten kom, men KDRS produksjonslinje og bruk av Decom malsett skal effektivisere og gjere det mogleg for kommunane å få bevart og tilgjengeleggjort systema sine.

 

Kategori: 
Elektronisk arkiv
Kommune: 
Ålesund