05.25.2018

Den nye forordninga om personvern i EU (GDPR) gjeld frå i dag

wordmap_gdpr_002.png
Dette er ein merkedag for personvernet. Forordninga gir utvida rettar og styrka personvern til innbyggjarane.

Samstundes oppstår det nye pliktar for den som behandlar personopplysningar. GDPR gjeld ikkje i Noreg enno, men det er venta at dette skjer i juli. Den nye personopplysningslova vart vedteken i Stortinget 22. mai.

I tida fram til lova tek til å gjelde bør ein prioritere å setje seg inn i krava lova set og kome i samsvar med dei nye reglane. Dette kan personvernombodet hjelpe til med.

Under fana personvernombod vil det i framtida kome nyhende, rettleiingar til arbeidet med GDPR og annan nyttig informasjon

Tekst: Thea Helen Eriksen Rølsåsen, IKAMR