10.02.2020

Documaster Noark 5-uttrekk

Petter B. Høiaas, Tore Fadnes, Torbjørn Aasen (Jean-Philippe Caquet dro til annet møte før bildet blei tatt). Foto: SEDAK. Fotograf: Zane Aboltina.
Documaster AS besøkte IKAMR for Noark 5 Workshop tysdag 4. februar. Felles målsetting er gode prosessar og feilfrie Noark 5-uttrekk frå kommunane til depot.

Fleire av IKAMR sine eigarkommunar har avtale med Documaster om innlevering av Noark 5-uttrekk. Då er det særskilt viktig at produsent av uttrekk og innleveringspakke har tidleg og god dialog med IKAMR slik at form, innhald og metadata-beskriving av uttrekket er slik Riksarkivarens forskrift krev. 

IKAMR depot brukar Documaster Noark 5-validator på alle innleverte Noark 5-uttrekk til godkjenning i tillegg til Arkivverkets Arkade 5 for test og innpakking av uttrekket. Produsent av uttrekk må ha kontroll på endringslogg og journalar, enten komplett i Noark 5-uttrekket eller som SIARD tabelluttrekk av databasen. 

IKAMR brukar KDRS prosessar og rutinar og KDRS produksjonslinje for å sikre at kommunane kartlegg, tar uttrekk av og leverer alle avslutta system inn til IKAMR depot. Arkivleiar må melde avslutta system inn til IKAMR depot med systemnamn og start- og sluttperiode. 

Kategori
Elektronisk arkiv
Municipality
Ålesund