15.09.2022

Ein kveld med Slekt og Data Ålesund

Kjeldestudie. Foto: Anne Tømmervåg, IKAMR
Fullt møterom på IKAMR. Foto: Anne Tømmervåg, IKAMR
Eit lenge planlagt besøk kunne endeleg gjennomførast onsdag – fritt for koronarestriksjonar.

22 medlemmar av Slekt og Data Ålesund deltok på arrangementet. Etter ein felles presentasjon av selskapet vårt vart gruppa delt i to. Halvparten fekk vite meir om fotobasen og arbeidet med den, av fylkesfotoarkivar Anne Tømmervåg. Den andre halvdelen vart med rådgjevar Åsta Vadset på omvisning i magasinet. Deretter bytte gruppene plass. Til sist fekk dei oppmøtte kike nærare på kjelder som er relevante for slektsforskarar. 

Nokre veldig kjekke timar i lag. Takk for besøket!


Tekst: Åsta Vadset, IKAMR

Kategori
Eldre arkiv
Kommune
Ålesund