13.03.2017

Eit enormt ordningsarbeid er avslutta og avlevert

anne_beate.jpg
avlevering.jpg

2. mars fekk IKAMR avlevert 72 hyllemeter med personarkiv frå Molde kommune, med Molde sosialkontor som arkivskapar.

Anne-Beate Ulleland, med god hjelp av Håkon Jenset, har gått igjennom og reinsa, ordna og listeført 9331 mapper. Til sist etiketterte dei 720 arkivboksar. Arbeidet er gjort etter IKAMR sine retningslinjer.

Det er ikkje mange som kan begripe kor mykje tid og energi denne jobben har innebore. Eller kor uendeleg viktig den er for dei som ein gong vil få bruk for dokumentasjonen som ligg arkivert på rett stad i dette arkivet.

All mogleg ære for eit slikt nøyaktig og nitidig arbeid!

Kommune
Molde