25.01.2023

Fellesmøte for personvernombodstenesta

Frå venstre: Ove Skåra - Datatilsynet, Helge Veum - Ålesund kommune, Margrete Mork Müller, Henrik Leknes Syversen og Karen Vanessa Sundgot Gurskevik - IKAMR. Foto: Åse Karin Gjære - Ålesund kommune

IKA Møre og Romsdal IKS har sidan 2018 tilbydd eigarane sine personvernombodsteneste. I dag er 22 kommunar i tillegg til fylkeskommunen mottakar av tenesta.

Ettersom dei tre personvernomboda til dagleg jobbar ved IKA Møre og Romsdal sitt kontor i Kirkegata 10b i Ålesund, og dermed fungerer som eksternt personvernombod, inviterte personvernomboda to representantar frå kvar av dei til å delta på eit fellesmøte for tenesta i dag på Thon Hotel Ålesund. 

Her fekk dei blant anna presentasjon frå fagdirektør i Datatilsynet, Ove Skåra, som snakka om personvernombodet som ressurs og kva Datatilsynet vil vektlegge ved tilsyn. Helge Veum, verksemdsleiar teknologi og innovasjon i Ålesund kommune, la også fram eit utdrag av rapporten til personvernkommisjonen, som han er medlem i.

Kvar av kommunane har nemnt opp ein kontaktperson for personvernombodstenesta. På fellesmøtet vart utmerkinga Årets kontaktperson delt ut for første gong. Utmerkinga for 2022 gjekk til Martin Vos, kontaktperson i Fjord kommune. 

Utmerkinga Årets kommune 2022 vart også utdelt på fellesmøtet. Den gjekk til Volda kommune. 

 

 

Tekst: Margrete Mork Müller, IKAMR

Kategori
Personvernombod