07.07.2022

Ferietid - no og tidlegare - og hos IKAMR i sommar

FAKf-100219.157355. Fotograf: Peder Furset.
FAKf-100311.175742. Fotograf: Harald Tollovsen.
FAKf-101040.504972. Fotograf: Ukjend. Eigar: Magnus Lande.
FAKf-101040.504876. Fotograf: Ukjend. Eigar: Magnus Lande.
FAKf-101040.504968. Fotograf: Ukjend. Eigar: Magnus Lande.
FAKf-100152.135752. Fotograf: Ukjend. Eigar: Kåre Flå.

Juli er den tida dei fleste arbeidstakarar i Noreg tar ut ferie. Nordmenn likar å reise på ferie. Etter tyskarane er vi dei som oftast reiser på ferie. Trass streik og pandemi blir det ferie på folk også i 2022. IKA Møre og Romsdal stenger ikkje ned i juli, men vil ha redusert bemanning. Både lesesal og andre tenester vil vere tilgjengelege heile månaden.

Om du skal innom oss, må du ringe på dørklokka i første etasje, inngangsdøra vil vere låst. Vi anbefalar at du tek kontakt på telefon 406 18 600 eller sender ein e-post til postmottak@ikamr.no i forkant om du ønsker å sjå på arkivmateriale på lesesalen. Dukkar du opp utan å ha inngått ein avtale kan vi ikkje love at vi har høve til å hjelpe.

Fellesferien

Bakgrunnen for at mange tek ut ferie i juli heng nok att frå gamalt av. Dei tre siste vekene i juli har tradisjonelt blitt kalla fellesferien, men det er ikkje eit formelt omgrep nedfelt i den norske ferieloven. Fellesferien er eit omgrep som heng att frå ei tid kor alle tilsette på ein arbeidsplass tok ut ferie samtidig.

Fellesferien blei etablert etter press frå arbeidarrørsla, og skal først ha blitt brukt i norsk smelteverksindustri i mellomkrigstida. Seinare spreidde den seg også til anna industri og til byggebransjen. Fellesferien var ei praktisk ordning for arbeidsgjevar. Det var  ikkje var formålstenleg å ha redusert bemanning og leige inn vikarar for å halde oppe produksjonen. Det var betre å stenge produksjonen. Det var LO og NHO som i fellesskap vedtok når fellesferien skulle vere kvart år. Dei vart stort sett einige om at fellesferien skulle vere dei tre siste vekene  i juli.

Sidan  mellomkrigstida har det skjedd store endringar i korleis vi nordmenn tek ut ferie. Trass dette er det framleis liv i fellesferieomgrepet, og mange yrkesgrupper har ferie samtidig. Til dømes lærarar og barnehagetilsette. Byggearbeidarar er ei anna yrkesgruppe som tek ut ferie samtidig. "Bygningsferien", også kalla fellesferien blir i dag fastsett gjennom forhandlingar mellom Fellesforbundet og Byggenæringens Landsforbund. I 2022 er fellesferien lagt til vekene 28, 29 og 30, altså frå 11. juli til 31. juli. Omgrepet lever vidare og den vanlege innbyggar kan merke det ved at til dømes morgontrafikken er rolegare i juli enn elles i året.  

Kan ein sjå at den kommunale forvaltninga også tek pause i juli? Ein rask kik på heimesidene til kommunane i Møre og Romsdal tyder på at kalenderen er tom i juli. Kan vi også sjå dette i dei digitiserte møteprotokollane frå formannskap og kommunestyra rundt om i fylket? Hadde dei til dømes kommunestyre og formannskapsmøte i juli på slutten av 1800-talet og utover på 1900-talet? Ved å sjå på på Norddal kommune sine protokollar (Fjord kommune) finn ein at det i juli 1899 blei gjennomført kommunestyremøte i lokala til kommunen på Sylte. Også i 1922 var det formannskapsmøte i juli. Går ein litt fram i tid, til 1939 og 1950 er det ikkje lenger møte i juli. Kva med din kommune? Blei det halde kommunestyremøte i juli? Viss du har litt ledig tid i fellesferien, kan du ta en kik på kommunestyre- og formannskapsprotokollar her: http://db.ikamr.no/Moeteboeker-og-protokollar

For luft og fridom – frå tre dagar til fem veker

Når vi no skriv 2022, tar mange norske arbeidstakarar dei fem ferievekene dei har til disposisjon for gitt (6 veker om du er over 60 år). Vi må ikkje gløyme at slik har det ikkje alltid vore. Fram mot 1890-åra var det knapt nokon arbeidarar som hadde ferie. I 1890-åra klarte typografane i Oslo, som dei første i landet å forhandle seg fram til tredagars ferie med løn. I løpet av de neste tiåra følgde fleire etter, og på 1930-talet hadde dei aller fleste norske arbeidarar oppnådd to veker ferie med løn kvart år. Fyrst med ferieloven av 1947 fekk alle arbeidstakarar rett til tre vekers ferie. I 1964 blei det utvida til fire veker og den femte ferieveka blei avtalt under tariffoppgjeret mellom LO og NGO i 2000.

Viktige årstal

1907 - Norsk litografisk forbund får tariffesta ei veke betalt ferie
1916 - Ein voldgiftsdom gir firedagars ferie i verkstadindustrien og nokre andre bransjar
1918 - Offentlege tenestemenn får lovfesta rett til samanhengande ferie i minst 14 dagar
1919 – Ferien blir utvida til ei veke i verkstadindustrien og nokre andre bransjar
1920 – Ferien blir utvida til to veker i verkstadindustrien og nokre andre bransjar

1922 – Ein voldgiftsdom kuttar ferien frå 12 til 8 dagar i verkstadindustrien
1936 - Arbeidervernloven gir lovfesta rett til nidagars ferie med løn
1947 - Ferieloven gir rett til tre veker ferie
1964 - Lovfesta ferie blir utvida til fire veker
1976 - Arbeidstakarar over 60 år får ei ekstra ferieveke
1981 - «Grodagen» lovfesta som start på ei femte ferieveke
2000 - Den femte ferieveka blei avtalt under tariffoppgjeret mellom LO og NHO

Kjelder:
https://www.arbark.no/Utstilling/Kampen_for_ferie/Kampen_for_ferie.htm
https://www.aftenposteninnsikt.no/viten/feriefolket
https://www.aftenposten.no/okonomi/i/qv7vE/fellesferien-da-hele-norge-gikk-i-staa

Tekst: Vibeke Solbakken Lunheim, IKAMR

Kategori
Eldre arkiv
Foto
Privatarkiv