02.06.2023

Fiskeeksportarkiva i bruk

Rolf Petter Amdam. Foto: Piotr Cabaj, SEDAK/IKAMR

Nokre hugsar kanskje skattejakta vi hadde på eit skråloft i Ålesund sentrum for eit par månader sidan ikledde fullt verneutstyr? Vi forventa å finne eit legearkiv, men fann i staden materiale etter tre ulike fiskeeksportørar ca. 1920-1960. Namna på bedriftene var Hoff og Sønner A/S, Gunnar Krogstad A/S og Lauritz Myrbøe A/S.

I førre veke var Rolv Petter Amdam, professor i historie ved Handelshøyskolen BI, på lesesalen og kika på dokumentasjonen. Han har tidlegare brukt lesesalen vår og sett på arkiv som dokumenterer eksport, så vi tipsa han om funnet vårt. Det synte seg å vere eit nyttig besøk.

Amdam samlar kjelder til ein artikkel for eit internasjonalt tidsskrift om korleis norske og portugisiske aktørar innan produksjon, eksport og distribusjon av klippfisk og portvin reagerte på handelskrigen mellom Noreg og Portugal 1921-1923.

Noreg hadde stoppa import av portvin frå Portugal som følge av heitvinsforbodet under forbodstida. Portugal svara på dette med høge tollsatsar på norsk fisk, noko som i praksis stoppa import av m.a. klippfisk.

I tillegg til Amdam deltek desse i prosjektet: Førstelektor Trudi Henrydotter Eikrem, Høgskulen i Volda, professor Teresa da Silva Lopes, University of York, England og professor Maria Eugenia Mata, Nova School of Business and Economics, Portugal.

Kategori
Privatarkiv